Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Handlings- og økonomiplan 2027 - 2030

Rådmannens framlegg til vedtak 27.10.2026

Rådmannen si innleiing

Budsjettet for 2027 og økonomiplanen for 2027–2030 er lagt fram i ei tid der Ål kommune møter ein økonomisk situasjon som er meir krevjande enn på mange år. Kommunen opplever sterk vekst i fleire av dei største utgiftspostane samstundes som inntektsveksten ikkje er tilstrekkeleg til å dekke kostnadsauken. 

Dei siste åra har vi sett betydelege prisaukar på drivstoff, straum, matvarer, medisinsk utstyr, byggjemateriell og anna driftsmateriell. I tillegg har utgiftene til kjøp av varer og tenester auka vesentleg. Samstundes har lønsoppgjera vore høge, med ei lønsvekst på over fire prosent, og pensjonskostnadene har auka kraftig. Dette er forhold kommunen i liten grad kan påverke sjølv, men som samla legg beslag på ein stadig større del av dei økonomiske ressursane.

Samtidig som kostnadene aukar, står kommunen overfor demografiske endringar som gir større behov for tenester innan helse og omsorg, medan fleire delar av oppvekstsektoren opplever lågare barnetalsutvikling. Dette utfordrar korleis kommunen organiserer og dimensjonerer tenestene sine. Skal kommunen kunne oppretthalde økonomisk berekraft og framleis levere gode tenester til innbyggjarane, må drifta tilpassast dei økonomiske rammene vi har til disposisjon.

Rådmannen legg derfor fram eit budsjettforslag som inneber omfattande omstilling og innsparing på tvers av alle sektorar. Forslaga er ikkje uttrykk for manglande vilje til å utvikle tenestene, men ei erkjenning av at kommunen må nytte ressursane annleis dersom vi skal sikre tenestetilbodet også på lang sikt. Gjennom fleire år har kommunen arbeidd med effektivisering, digitalisering og stram økonomistyring. Mange av dei enklaste tiltaka er allereie tekne ut, og det er no nødvendig å gjennomføre tiltak som i større grad påverkar organisering av tenestetilbodet.

Innan helse- og omsorgssektoren er det foreslått å redusere kapasiteten ved institusjon gjennom stenging av seks sjukeheimsplassar. Samstundes må det arbeidast vidare med nye arbeidsformer og god ressursutnytting innan heimetenester, rehabilitering og omsorgstenester. Målet er å møte framtidas behov med dei ressursane kommunen har til rådvelde, samstundes som dei mest sårbare innbyggjarane får eit forsvarleg og trygt tenestetilbod.

I oppvekstsektoren vert det foreslått å samle elevane på 5.–7. trinn frå grendeskulane til Nedre Ål skule. Dette er eit krevjande forslag, men det må sjåast i samanheng med utviklinga i elevtal, behovet for robuste fagmiljø og kravet om meir kostnadseffektiv drift. Det vert òg arbeidd med å tilpasse ressursbruken innan barnehage, skule og støttetenester til framtidige behov.

Innan kultur, frivillig arbeid og samfunnsutvikling vert det nødvendig med strengare prioriteringar. Aktivitetar, tilskotsordningar og utviklingsprosjekt må vurderast opp mot kommunen si økonomiske bereevne. Ambisjonen er framleis å leggje til rette for eit levande lokalsamfunn, men innanfor dei rammene økonomien tillèt.

For tekniske tenester og eigedomsforvaltning vert det lagt vekt på å redusere driftskostnader gjennom betre utnytting av bygningsmassen, energieffektivisering og prioritering av vedlikehalds- og investeringsprosjekt. Kommunen må i større grad konsentrere investeringane om lovpålagde oppgåver og heilt nødvendige tiltak.

Også innan administrasjon og støttefunksjonar vert det gjennomført innsparingstiltak. Digitalisering, effektivisering av arbeidsprosessar og redusert bruk av eksterne tenester skal bidra til lågare kostnader. 

Ein sentral del av omstillinga er frysing og reduksjon av mellom 13 og 20 årsverk på tvers av organisasjonen. Dette er eit omfattande tiltak som vil krevje samarbeid, omstillingsevne og vilje til endring i heile organisasjonen.

Rådmannen er klar over at fleire av forslaga vil opplevast som krevjande for både innbyggjarar, brukarar og tilsette. Mange av tiltaka grip inn i tenester som betyr mykje for lokalsamfunnet. Samstundes vil alternativet vere å vidareføre eit utgiftsnivå kommunen ikkje har økonomisk grunnlag for å bere. Det ville på sikt føre til endå meir omfattande og brå kutt.

Budsjettframlegget for 2027 er derfor først og fremst eit omstillingsbudsjett. Målet er å skape varig balanse mellom inntekter og utgifter, sikre økonomisk handlefridom og leggje grunnlaget for at Ål kommune også i framtida kan tilby gode tenester til innbyggjarane. 

Gjennom ansvarlege val i dag skal vi sikre at kommunen står sterkare rusta til å møte morgondagens utfordringar og moglegheiter.

Budsjettpremiss for Ål kommune 2027

1. Overordna økonomisk premiss

Budsjettet for 2027 skal leggje til rette for ein berekraftig kommuneøkonomi og redusere det strukturelle driftsunderskotet. 

Driftstilpassingane skal bidra til at kommunen på sikt oppnår økonomisk handlingsrom, byggjer opp att disposisjonsfond og reduserer behovet for ekstraordinære tiltak.

Vi skal gjenbruka og rehabilitere framfor å kjøpe/bygge nytt.

2. Bemanning og organisering

  • Bemanninga skal tilpassast vedtekne økonomiske rammer.
  • Det blir lagt til grunn ein reduksjon/frysing av 13–20 årsverk i planperioden.
  • Ledige stillingar skal vurderast kritisk før eventuell utlysing.
  • Organisasjonen skal arbeide aktivt med digitalisering, effektivisering og nye arbeidsformer for å redusere ressursbehovet.

3. Tenestenivå

  • Lovpålagde tenester skal prioriterast.
  • Kommunen må akseptere eit redusert tenestenivå innan enkelte område samanlikna med dagens nivå.
  • Kvalitet og tenestetilbod skal vurderast opp mot tilgjengelege ressursar og økonomisk bereevne.
  • Samarbeid med frivillige, innbyggjarar og interkommunale løysingar skal vurderast der dette kan oppretthalde tenestekvalitet til lågare kostnad.

4. Innsparings- og omstillingstiltak

Budsjettet byggjer på at følgjande tiltak vert gjennomførte eller vurderte gjennomførte:

  • Stenging av inntil seks sjukeheimsplassar.
  • Samling av 5.–7. klasse frå grendeskulane ved Nedre Ål skule.
  • Reduksjon i bemanning og administrasjonskostnader.
  • Effektivisering av drift og gjennomgang av alle tenesteområde.
  • Prioritering av tiltak som gir varig økonomisk effekt.

5. Effektiviseringskrav

  • Alle sektorar får krav om effektivisering og kostnadskontroll.
  • Nye tiltak skal som hovudregel finansierast innan eksisterande rammer.
  • Investeringar skal vurderast opp mot framtidige driftskonsekvensar.
  • Det skal arbeidast systematisk med gevinstrealisering frå digitalisering og organisasjonsutvikling.

6. Inntektsføresetnader

  • Skatteinntekter og rammetilskot vert budsjetterte etter gjeldande statsbudsjett og nasjonale prognosar.
  • Eigedomsskatt ver justert opp med 5 % kontorjustering
  • Brukarbetalingar og gebyr blir fastsette i samsvar med vedtekne satsar og sjølvkostprinsippet der dette gjeld.
  • Tilskot og prosjektmidlar skal nyttast målretta, men ikkje finansiere varige driftsutgifter.

7. Bruk av fond

  • Disposisjonsfond skal berre nyttast til å handtere mellombelse ubalansar eller ekstraordinære hendingar.
  • Fondsmidlar skal ikkje nyttast til å finansiere varig drift.
  • Oppbygging av økonomiske reservar skal vere eit langsiktig mål i planperioden.

8. Måloppnåing og rapportering

  • Kommunestyret sine budsjettpremissar er styrande for verksemdene si drift.
  • Resultat, tenestekvalitet og økonomi skal følgjast opp gjennom tertialrapportering og årsmelding.
  • Eventuelle avvik frå føresetnadene skal møtast med korrigerande tiltak så tidleg som mogleg.

 

Handlings -og økonomiplan 2027-2030 årsbudsjett 2027  - rådmannen sitt framlegg PDF

Her er lenke til budsjettframlegget i Framsikt

Budsjettframlegget går no vidare til politisk handsaming.

 

Sist endret: 27.10.2026