Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Informasjon om gravearbeid

Hellinggrove-Stavegrove-Myrovegen-Stavin

Vi går no inn i hausten, noko som betyr at prosjekta nærmar seg avslutning. Det vil framleis vere mykje anleggsarbeid i området. Vi ber om tolmod frå dykk som bur der og til dykk som nyttar det.

Trafikk

No er det skulestart. Entreprenør har fått beskjed om å vere nøye med merking av trasê for mjuke trafikantar. Dei har ôg fått beskjed om å vere merksame på andre i trafikken. Enkelte vegar vil bli stengt i nokre periodar, så det er viktig at alle sett seg inn i kor dei skal gå eller køyre. 

Vi oppmodar alle føresette som har barn på skulen om at dei tek ein prat med barna, og at de kanskje går turen i lag med dei yngste.

Hellinggrove/Stavegrove

Arbeidet har vorte meir omfattande enn vi meinte ved oppstart. Entreprenør fekk meir oppdrag undervegs, og difor blir dei ikkje ferdige til avtalt frist. Vi har no eit mål om å vere ferdig til november, men det kan ta noko meir tid. Det betyr at det kan bli noko oppussingsarbeid som står att til neste vår.

Leksvolvegen, Stavevegen og Sundrevegen skal asfalterast i haust der vegane har vore gravd over. I samband med dette arbeidet må ein rekne med at det kan bli stengt i kortare periodar.

Betina er ute i fødselspermisjon, så no er Svein T. Furuhaug kontaktperson. Telefon: 915 18 610.

VA-Myrovegen

Entreprenør har fått noko meir arbeid her også. Ål kommune skal skifte ein VA-ledning som kryssar Myrovegen. Myrovegen vil bli stengt for gjennomkøyring til minst veke 42. Vi skal vere ferdig med alt arbeid om lag i veke 43-44.
Alle kryssingar på Myrovegen blir asfaltert i haust, og ein må rekne med at det blir stengt i kortare periodar.

Betina er ute i fødselspermisjon, så no er Svein T. Furuhaug kontaktperson. Telefon 915 18 610.

VA-Stavin

  • Arbeid mellom Stavin 7 og 12 går føre seg om lag ut veke 36.
  • Sette i stand vegar frå veke 36
  • Stavin 12 A-F. Dreneringsarbeid på nordsida i veke 37-39. For 12A vil det bli laga midlertidig gangbru til inngansdøra under dette arbeidet.
  • Stavin 7 AB, 9AB og 11AB. Parkering ved husa kan takast i bruk frå om lag veke 37
  • Asfaltering vil skje om lag veke 43-44. I samband med dette må alle bilar plasserast ved Stavin 18 (slik som no). Det kjem nærare informasjon seinare.
  • På nedsida av Stavin 7AB skal det etablerast ein parkeringsplass kor det blir felles avfallshandtering (molokkar). Nytt postkassestativ blir også sett opp her. Dette blir gjort om lag veke 43-44

Kontaktperson er Geir Vidar Asgrimplass. Telefon: 992 87 867

Ål kommune beklagar ulempene dette måtte medføre!

 

 

 

Sist endret: 13.08.2026