Frisklivssentralen i Ål inviterer til open trening i sommar kvar onsdag og fredag for alle som har tid og lyst, heilt gratis!
Her er det berre å møte opp, og økta blir tilpassa ditt nivå.
Onsdagar: kondisjonstrening (gåtur med eller utan stavar) med utgangspunkt frå Tanken (gamle meieribygget) frå klokka 15.30 - 16.30, perfekt for deg som vil trene rett etter arbeid. Me byttar på og går elvelangs, i Vestlia osv.
Fredagar vil det vera lett oppvarming, styrketrening samt uttøyning på Bråta frå klokka 10.00-11.00 med bruk av eigen kroppsvekt.
Gratis sommartrening
Tilbod frå frisklivssentralen i sommar
Sist endret: 29.05.2026