Innsiktsrapport om Sundre – første steg mot framtidas sentrum
Ål kommune har no fått på plass eit innsiktsdokument som gir eit samla bilete av utfordringar og moglegheiter for utvikling av Ål sentrum, Sundre. Dette er første steg i Gnist-prosjektet som varer fram til sommaren 2026.
Les heile innsiktsdokumentet her (PDF).
Rapporten er ein analyse av no-situasjonen og byggjer på ei rekke samtalar, observasjonar og kartlegging gjennom hausten 2025.
Dette er første del av Gnist-prosjektet, eit nasjonalt innovasjonsprogram i regi av DOGA (Design og arkitektur Norge), der Ål kommune deltek med eit prosjekt som skal finne nye måtar å jobbe med attraktiv, inkluderande og aldersvenleg sentrumsutvikling.
Les meir om Gnist-prosjektet til Ål på prosjekt-nettsida her.
Prosjektet varar fram til sommaren 2026, og innsiktsarbeidet som no blir presentert er grunnlaget for den vidare medverknadsprosessen der innbyggjarar, næringsliv, politikarar, kommune og frivilligheita saman skal bidra til å forme framtidas Sundre.
Rapporten peikar på sentrale tema som:
- Korleis skape eit meir levande og attraktivt sentrum
- Utfordringar og moglegheiter knytt til parkering, aktivitet og møteplassar
- Korleis Ål kommune kan samarbeide på tvers av sektorar og med lokalsamfunnet for å styrke sentrum
Har du innspel?
Vi ynskjer vi å høyre frå deg! Dersom du har kommentarar eller forslag til innhaldet i rapporten, kan du sende skriftlege innspel til Ål kommune via brev eller e-post.
Epostadresse: postmottak@aal.kommune.no
Postadresse: Ål kommune v. Gnist-teamet, Torget 1, 2570 Ål.
Ver venleg å merke eposten eller brevet med "Gnist Ål" slik at den blir korrekt arkivert.