Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Fritidsaktivitetar i Ål

Arrangerar du ein fritidsaktivitet i Ål? Ønsker din organisasjon fleire medlemmer og betre synlegheit? Då må du registrere aktiviteten på Fritid Hallingdal!

Me oppmodar alle som allereie har registrert sine aktivitetar om å gå inn og sjekke at informasjonen stemmer og redigere om det er noko som må endrast.

Skal du registrere ein ny aktivitet kan du gjere det her: https://www.fritidhallingdal.no/send-inn-aktivitet/  

Kvar fredag vil Ål Frivilligsentral hente ut informasjon frå Fritid Hallingdal og presentere ein aktivitet på sin facebookside for å synleggjere alle dei flotte frivillige organisasjonane og aktivitetane me har i Ål!

Har du noko ekstra frå din organisasjon som du vil presentere kan du sende dette til Turid Hilde Gåsbakk i Frivilligsentralen – frivilligsentralen@aal.kommune.no  

Ved spørsmål om Fritid Hallingdal, ta kontakt med Kristine Kapperud på Kulturkontoret – kjk@aal.kommune.no

Sist endret: 24.04.2024