Friluftlivets år 2025
Følg med på planlagde aktivitetar på heimesida til Ål frivilligsentral.
Ål frivilligsentral - Friluftlivets år 2025
Det er mogleg å søke om tilskot til friluftslivsrelaterte arrangement under Friluftslivets år 2025.
Søknadskriterier:
Det skal vere eit friluftslivsrelatert, ope og gratis arrangement.
Ål kommune og Frivilligsentralen skal kunne dele info om arrangementet i både den lokale og nasjonale aktivitetskalenderen, ôg på Instagram og Facebook. Mottakaren må ôg dele info om arrangementet på sine infokanalar.
Etter arrangementet skal det sendast ei tilbakemelding på kor mange som deltok, gjerne litt info om korleis arrangementet gjekk, og eit eller fleire bilete som kan delast.
Kvar arrangør kan få eitt tilskot i løpet av året.
Søknadssum er maks 1000,- pr arrangement, og det må søkast før gjennomføring av arrangementet.
Ordninga gjeld til tilskotspotten er brukt opp.
Utbetalinga vil kunne skje etter at arrangementet er gjennomført.
Enkel e-post med info om arrangementet og søknadssum skal sendast til postmottak@aal.kommune.no.
Merk e-posten med «Arrangement tilskot Friluftslivets år».