Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Folkehelseundersøkinga 2025

Har DU fått invitasjon? Svara dine er viktige! Vi håpar du vil delta!

Viktig for kommunar i Hallingdal

God helse og livskvalitet er ein føresetnad for ei bærekraftig utvikling.
Gjennom denne undersøkinga vil det kome fram heilt ny unik, lokal kunnskap
om korleis folk opplever eigen livssituasjon.
Dette er kunnskap som kommunane i Hallingdal treng i arbeidet sitt for å betre folk si helse, trivsel og livskvalitet.
10. november fekk over 7122 innbyggjarar over 18 år i alle Hallingdalskommunane ein invitasjon til å delta i undersøkinga.
Utvalet er tilfeldig og invitasjonen gjekk ut på e-post og SMS.

Spørsmåla handlar om alt frå trivsel i nærmiljø til søvn, tilgang til ulike fasilitetar, sosial kontakt og omgang, psykisk og fysisk helse, støyplager, fysisk aktivitet, matvanar og bruk av tobakk og alkohol.
Det vil være mogleg å svare på undersøkinga til og med 30. november.
Vi håpar mange vil svare!

For at denne undersøkinga skal gje et treffsikkert bilde av korleis befolkninga i Hallingdal har det, er det behov for svar frå innbyggjarar i alle kommunar.
Vi håpar så mange som mogleg vil bidra til betre folkehelse gjennom å delta i undersøkinga.
Som takk for hjelpa vil alle som deltek vere med i trekninga av 10 gavekort pålydande 1 000,-kroner.

Informasjon om folkehelseundersøkinga 2025

Sist endret: 26.11.2025