Ny folkehelsemelding 2023: Ei folkehelsemelding som utjamnar sosiale helseforskjellar
Fredag 31.mars la regjeringa fram si folkehelsemelding, som er den første stortingsmeldinga statsråden legg fram.
Folkehelsemeldinga, Meld. St. 15 (2022-2023) presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Meldinga er regjeringas strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar.
Folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde:
- Dei samfunnsskapte vilkåra for god helse
- Levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
- Psykisk helse og livskvalitet
- Vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø
- Kommunikasjon og innbyggardialog
- Førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta
Regjeringa vil gje auka prioritet til folkehelsepolitikken.
For å lykkast med dei breie folkehelsetiltaka skal regjeringa forsterke innretninga i det systematiske folkehelsearbeidet.
Meir informasjon finn du her: Les heile dokumentet her
Følg meldinga vidare på www.stortinget.no