Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Folkefest - Kronprinsparet besøker Ål kommune

Onsdag 24. september 2025 klokka 10.30 - 12.10

Onsdag 24. september vert ein stor dag for alle i Ål.
Då kjem Kronprinsparet, i lag med statsforvaltar Jan Tore Sanner, på besøk.

Det er 3 stader som Kronprinsparet stoppar ved for å representere ulike sider av den mangfoldige bygda vår.

Me ynskjer å gjere dette til ein folkefest for alle i Ål, så møt gjerne opp langs løypa i sentrum med flagg.

Det hadde også vore flott om alle som har moglegheit heiser flagget denne dagen, slik at Kronprinsparet får ein fin velkomst gjennom bygda vår.

Me ynskjer dikkon alle hjarteleg velkomne!

Program:

  • 10.30-10.45 helser på utanfor Ål Helsesenter, hovedinngang.
  • 10.45-10.50 køyrer gjennom Myren.
  • 10.45-11.15 TID Kafè. Her vil det ikkje vere ope for publikum ved besøket, men det vil vere plassar til å sjå utanfor.
  • 11.20-11.40 program i Storesalen, kulturhuset.
    Det er fortsatt nokre plassar ledige så send mail til abk@aal.kommune.no viss du ynskjer eit sete.
  • 12.00-12.10 pressekonferanse utanfor Ål kulturhus.

Foto: Det kongelege hoff.

 

Sist endret: 17.09.2025