Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Feiegebyr

Faktura for feiing og tilsyn går ut i desse dagar.

Det skulle vore eit vedlegg til faktura, men dette vart ikkje med. Du finn teksten her:

"Kommunestyret har i sak 19/2024 vedteke gebyr for feiing av fyringsanlegg (feiegebyr) og gebyr for tilsyn med fyringsanlegg (tilsynsgebyr) gjeldande frå 01.02.24. 

Etter ny forskrift skal desse gebyra fakturerast årleg basert på behovsvurdert frekvens for feiing/ tilsyn.
Dersom du t.d. skal ha tilsyn kvart 8. år, vil det stå 1/8 under andel på fakturaen.  1/1 betyr årleg, 1/2 betyr kvart 2. år, 1/3 betyr kvart 3. år osv.
Gebyret blir difor ikkje likt for alle, men kostnaden for utført teneste blir lik.

Ved fleire spørsmål,  sjå våre heimesider eller ta kontakt Hallingdal Brann og Redning på tlf. 96 62 54 25, post@hbr.no. "

Du finn gjeldande forskrift for Ål kommune her

Vi har fått fylgjande informasjon frå Hallingdal brann og redning på Torpomoen:

Fram til 2024 vart det fakturert gebyr berre når det vart utført tiltak hjå deg (Tiltak = feiing og/ eller tilsyn). 

Etter ny forskrift blir gebyra for feiing og tilsyn i staden delt opp på dei tal år brannforebyggaren (feiaren) har sett opp at det skal vera mellom kvar feiing og kvart tilsyn hjå deg. Tal år mellom kvart tiltak blir bestemt på bakgrunn av risiko, og er frå årleg til kvart 8. år.  Bygget og bygningsmiljøet sin karakter, kvaliteten på fyringsanlegget, sotmengde og fyringsmønster kan vera eksempel på vurderingskriterium for risiko. 

Vi presiserer at det å fakturere årleg ikkje medfører høgare gebyr enn å fakturere heile gebyret etter utført tiltak.   Forskjellen er berre at du får fordelt ein del av gebyret årleg, i staden for å betale alt med ein gong.  

Kva vil neste faktura komme på?  

Neste faktura på feiing og tilsyn får du neste år (oppdelt i x-antal terminar), med same del av tiltaka som året før.  Dersom du t.d. er sett opp med feiing kvart 8. år får du delt det totale gebyret opp på 8 år.  

Kor lenge skal vi forhåndsbetale for noko vi ikkje har fått utført enda?  

Årleg del av gebyret blir delt opp på det tal år det er mellom kvart tilsyn eller kvar feiing.  Det vil variere når den enkelte får utført feiing eller tilsyn mellom dei åra.  Dersom du til dømes skal ha feiing kvart 6. år vil du få utført feiing eitt av åra innanfor 6-årsperioden.  Nokon får det tidleg i perioden, andre seinare.  Ved neste feiing og tilsyn blir det bestemt hyppigheita for kor ofte du skal ha feiing og tilsyn vidare framover. 

Kva ligg til grunn for hyppigheita mellom tiltaka (feiing og tilsyn) ? 

Forskrift om brannførebygging § 17 seier at både hyppigheita og gjennomføringa av tilsynet skal vera basert på risiko.  Bygget og bygningsmiljøet sin karakter, kvaliteten på fyringsanlegget, sotmengde og fyringsmønster kan vera eksempel på vurderingskriterium for risiko. 

Kan eg påverke sjølv kor ofte eg vil ha feiing og tilsyn? 

Forskrift om brannførebygging § 17 krev at det blir gjort ei fagleg vurdering av risiko som grunnlag for fastsetting av hyppigheita mellom tiltaka. 

På grunnlag av krava i Brann- og eksplosjonsvernlova § 11 og Forskrift om brannførebygging § 17 er det kommunen v/ Brannforebyggaren (feiaren) som bestemmer hyppigheita.  Du kan påverke hyppigheita sjølv ved t.d. sørge for å ordne avvik vi har gitt på fyringsanlegget (omn, røykrøyr og pipeløp) eller fyre med turr ved. 
Det er døme på noko som vil føre til lågare risiko, og derfor føre til sjeldnare behov for feiing og tilsyn frå oss.  Dersom du ynskjer hyppigare feiing eller tilsyn enn det Brannforebyggaren fastset kan vi gjere det sidan det blir betre enn risikoen tilseier.  Du må då betale gebyr i tråd med den hyppigare frekvensen.  Vi kan ikkje utføre tiltaket sjeldnare enn det risikoen tilseier.  

Kan eg feie pipa sjølv og sleppe gebyr frå kommunen? 

Det er berre positivt om du feiar sjølv, men det fritek ikkje kommunen frå lovkravet vi har. Kommunen ved brann- og redningsvesenet har ei lovbestemt plikt til feiing og tilsyn med fyringsanlegg jf. brann- og eksplosjonsvernlova § 11 første ledd bokstav h. Same lov § 28 anna ledd beskriv gebyrlegging av denne tenesta av kommunen, gjennom lokal forskrift (avgrensa til sjølvkost).

Vi har ikkje anledning til å avvike frå plikta vi har til feiing og tilsyn med fyringsanlegg bortsett frå om fyringsanlegget (eldstad og røykløp/ skorstein/ pipe) ikkje er i bruk, og derfor blir kopla frå eller plombert.  At ein feiar sjølv vil derimot kunne føre til at vi ved neste feiing ser at det er lite sot. 
Lite sot kan føre til sjeldnare behov for at kommunen utfører feiing hjå deg, og sjeldnare utføring av tiltak medfører lågare gebyr.  Vi har ikkje anledning til å sette sjeldnare frekvens enn kvart 8. år.  Det må samtidig presiserast at det òg er andre forhold enn berre sotmengde som påverkar risikoen, t.d. alder og tilstand på skorstein og røykløp. 

Sist endret: 01.10.2024