Familiens hus tidlegare
I 2024 kjøpte Ål kommune heile Familiens hus. Fram til då eigde kommunen 2. etasje og leigde andre areal i bygget.
Tidlegare var det avdelingane Familiens hus (med helsestasjon og psykisk helse og rus, barn og unge), PPT og Hallingdal barnevern som var plassert i bygninga, saman med matvarekjeda SPAR. Øvrige lokaler var leigd ut til andre private næringsdrivande.
Familiens hus i framtida
Ål kommune arbeider med ei strukturell endring innanfor helsetenestene.
Det er nødvendig å bygge ut for framtidige behov med omsyn til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Samtidig er samfunnet i endring.
Vi ser at dei eldre er friskare i dag enn for berre ti år sidan. Ved å legge til rette for førebyggjande trening og rehabilitering kan dei eldre bu lengre heime og klare seg sjølve i større grad.
Samtidig ynskjer Ål kommune å utvikle og samle andre helsetenester for å kunne gi ei heilheitlig teneste som fangar opp heile mennesket. Ved å samle fleire tenester under same tak sørgar ein for betre samarbeid på tvers av avdelingane. I tillegg vil ei felles dør kunne vere med på å gjere tilboda våre meir tilgjengelege og terskelen for å gå inn døra bli lågare.
Ål kommune arbeider no med eit forprosjekt for korleis me kan bygge om Familiens hus til eit helsehus som favnar om fleire tenester.
Dei avdelingane som er planlagt inn i Familiens hus no er:
- Avdeling meistring med fysioterapi, ergoterapi, terapibasseng, friskliv, oppsøkande team, koordinerande einheit og psykisk helse og rus vaksne
- Avdeling Familiens hus med helsestasjonen med dei tenestene som er der i dag, PPT og psykisk helse barn og unge.
- Hallingdal barnevern
Arbeidet med Familiens hus handlar først og framst om å strukturere avdelingane på ein god måte som gjer at dei kan gi ei heilheitleg teneste samtidig som det kan bli betre samarbeid på tvers av avdelingane.
Har du tankar, forslag eller innspel om korleis det framtidige Familiens hus kan vere? Klikk deg inn på spørreskjemate via QR-koden:
