Ål kommune har i sommar testa å gjere om parkeringshustaket på Sundre til ein aktivitetspark. Prosjektet er no ferdig, og vi ynskjer å kartlegge korleis området er brukt og oppfatta, både av fastbuande og besøkande. Svara vil bli brukt til å evaluere prosjektet og vil vere med på å forme vegen vidare for eventuell utvikling av offentlege uterom på Sundre.
Undersøkinga tek berre eit par minutt å fylle ut. Svarfrist er 5.september.
Tusen takk for at du tek deg tid til å svare.
Svar her: lenkje til undersøking