Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Er du interessert i tradisjonshandverk og bygningsvern?

Buskerud bygningvernsenter tilbyr årleg kursrekke i tradisjonshandverk og bygningsvern.

Om kursrekka
Kursrekka i tradisjonshandverk består av åtte tredagarssamlingar frå september 2024 til juni 2025. Kursdeltakarane skal gjennomføre totalt ca. 180 timar, der hovudvekta er lagt på praktiske øvingar med tradisjonelt verktøy.

Kursrekka har som mål å gi etablerte handverkarar ei innføring i tradisjonshandverk og praktisk bygningsvern. Deltakarane lærer mellom anna om virkeskvalitet, lafteteknikk, tørrmuring og overflatebehandling. I tillegg får deltakarane praktisk erfaring med restaureringsarbeid og istandsetjing etter antikvariske prinsipp.

Kursrekka vert gjennomført i samarbeid med Ringerikes museum og Lier bygdetun. Det er plass til 10 deltakarar - utøvande handverkarar i Buskerud vil bli prioritert. Det er inga kursavgift (med unntak av eigendel for kursmateriell på høvelsamling).
Alle samlingar vert gjennomført onsdag-fredag kl. 0800-1600.

Du finn meir informasjon via denne lenka til Buskerud bygningsvernsenter

Sist endret: 16.05.2024