Har du motteke melding om å registrere opplysningar om eigedomen din
?
I mars sender Kartverket melding til eigarar og festarar av hytter og bustader i Ål kommune. Som bustad- eller hytteeigar kan du logge inn og registrere utvalgte opplysningar om din eigedom i Eigedomsregisteret. Eigenregistreringa er frivillig.
Opplysningane som er allereie er registrerte kan vere mangelfulle.
Ved å logge inn kan du sjå kva som er registrert og eventuelt oppdatere informasjonen.
Opplysningane som kan registrerast er:
- Byggeår
- Bruksareal
- Vassforsyning
- Avlaup
- Energikjelder
- Oppvarming
Viktig å vite:
Registreringa er frivillig og skjer via ei sikker løysing hos Kartverket.
Opplysningane du registrerer erstatter ikkje det kommunen allereie har registrert.
Kommunen sine data blir ikkje automatisk oppdatert, men registreringane dine kan nyttast som grunnlag for oppdatering.
Endringar i bruksareal påverker nødvendigvis ikkje kommunale avgifter.
Det er ikkje nødvendig å registrere alle opplysningane.
Sjå hva som er registrert på din eigedom og finn meir informasjon her: