Er du førebudd?
Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du hvis vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke?
Straumbrot kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt.
Eigenberedskap handlar om å være førebudd på slike situasjonar.
Styrk eigenberedskapen din!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste.
I tillegg bidreg du til at myndigheitene kan prioritere dei som treng mest hjelp.
Ved å være førebudd for ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegge vegen vidare om krisa skulle bli langvarig.
Hugs at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!