Ål kommune vil gjennomføre droneflyging i området Busteteigen måndag 19. oktober 2026 frå om lag kl. 12.00.
Flyginga er ein del av arbeidet med å kartleggje og dokumentere kvartærgeologi i området, mellom anna dødisgroper.
Kartlegginga skal bidra til betre kunnskap om breavsettingar.
Det vil vere ei mindre drone i lufta i avgrensa tidsrom.
Flyginga vert gjennomført i samsvar med gjeldande regelverk for droneoperasjonar.
Vi ber om forståing for arbeidet og tek omsyn til personvern ved innsamling av data.
Tid: Måndag 19. oktober 2026 kl. 12.00
Stad: Busteteigen, Ål
Føremål: Kartlegging av breavsettingar
Ved spørsmål ta kontakt med Ål kommune, 3280 5000 - Torleiv Torgersen