Telenor skal utbetre mobilnettet, og arbeidet vil medføre bortfall av dekning i delar av Ål kommune. I store trekk gjeld dette frå Gullhagen og innover Nordbygdane til Rødungen N. I denne perioden vil det i periodar ikkje vere dekning på mobil.
Dersom nokon skulle ha behov for hjelp vil det vere oppmøtestad på Samhald i Nordbygdvegen 795, der vil det vere mogeleg å ringe gratis via wifi.
På Samhald er det ein "alarmknapp" dersom nokon har behov for assistanse vedr tilgang til wifi.

Dei som har fiber/tenester frå Bruse vil ikkje bli berørt og kan ringe via wifi.
Ål legevakt er informert om arbeidet.
Ål kommune har dialog med Ål røde kors ved behov for assistanse.
Avdeling heimetenester i Ål kommune er involvert med omsyn til dei som har tryggleiksalarmar og tenester som gjeld velferdsteknologi.
Arbeid start: 03.03.2026 kl. 22:00.
Arbeid slutt: 04.03.2026 kl. 06:00
Konsekvens: Brot i inntil 7 timar.
Sjå kart over området som blir berørt her.
Plakat med oversikt over oppmøtestader finn du her.
