Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Beredskapsrådsmøte i Ål kommune

Ål kommune sitt beredskapsråd blir halde tysdag 19. januar kl. 11.00–15.00.

Beredskapsrådet har dei siste åra vorte gjennomført i november, men neste møte blir flytta til januar.

Beredskapsrådet er ein viktig arena for samarbeid og informasjonsutveksling mellom kommune, naudetatar, næringsliv og andre sentrale aktørar innan samfunnstryggleik og beredskap.

Skriftleg innkalling med sakliste blir sendt ut ved månadsskiftet november/desember til deltakarane.

Me ser fram til eit godt møte og viktige diskusjonar om beredskapen i Ål kommune.

Sist endret: 16.11.2026