Mellom 13. juni og 18. august 2025 blir taket på det raude parkeringshuset på Sundre gjort om til eit midlertidig parkområde.
Her blir det aktivitets- og avslappingsområde sommaren 2025:
I "parkeringshusparken" vil det etterkvart dukke opp:
- Benkar og bord
- Grøne planter og vekstar
- Eit laftebyggesett for born og vaksne
- Ein bocciabane
- Spel og mønster på betongdekket
- Lyslenker
- Hengekøyer og lune sittesoner
... og mykje meir.
I den midlertidige parken vil det også bli lagt opp til at det kan stå food trucks på tilviste plassar på gitte dagar, det blir moglegheit for ei scene og det blir lagt opp til at det kan skje ulike arrangement som t.d. utekino, torgdagar, matfestivalar og konsertar.
Parkering
Parkeringsplassar blir det òg. Dei to HC-parkeringane som er på taket vil bli vidareført, saman med eit begrensa antal ordinær parkering. For deg som skal handle på Sundre oppmodar vi i sommar til å nytte parkering inne på Ålingen kjøpesenter og nedanfor Ål kulturhus/ ovanfor Sundretunet (Kiwibygget), som eit alternativ til parkeringshustaket.
Delvis stenging fom. 1. juni
For å klargjere parken vil det blir stengt av på avgrensa områder på taket på enkelte dagar mellom 1.6 -13.6. Det er fordi vi då t.d. skal måle på betongdekket, beise benkar og snekre ulike installasjonar.
Testing som metode
Formålet med å gjere om parkeringshustaket til park i ein periode, er å få innsikt i kva som skjer med folkelivet på Sundre viss vi endrar folk sine vanar og dei fysiske omgjevnadene. Vi ynskjer å finne ut om:
Blir det meir eller mindre aktivitet på Sundre, i handel og på Kulturhuset?
Skapar det store trafikale utfordringar? Eller viser det seg at det finst andre parkeringsløysingar som fungerar like godt eller betre?
Korleis vil tiltaket påverke trivselen og folkehelsa til unge, eldre, handlande og tilsette med arbeidsplass på Sundre?
Kort sagt; skapar dette betre eller dårlegare høve for innbyggarar og besøkande på Sundre?
Alle ideane til tiltak i parken er spelt inn av innbyggarar og handelsnæring, og stemt fram gjennom ei open, digital spørreundersøking. Vi fekk inn over 350 stemmer på tiltaka, og dei forslaga som fekk desidert flest stemmer var benkar og bord, grøne vekster, laftebyggesett, bocciabane, torgboder, food trucks/ matservering og scene. Parkering har også vore viktig for mange, men gjerne i kombinasjon med andre tiltak.
Derfor er framleis 1/3 av taket avsatt til parkering i testperioden.
Her ser ein korleis stemmene fordelte seg på nokre av alternativa: