Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ål Kraftverk

Administrering av straumavtale for kundar av Ål Kraftverk

Frå 01.12.2025 har Dalane Energi overteke administrasjonen av straumavtalene hos Ål Kraftverk KF. Her kjem litt praktisk informasjon:

Private som har straumstøtte eller Norgespris-støtte:
Begge desse støtteordningane kjem på faktura for nettleige som Dalane Energi har sendt ut. 
Ein del kundar har prisstøtte som gjer at dei har pengar tilgode. Som automatikk blir dette overført til fråtrekk på neste faktura. Dersom du ynskjer dette utbetalt, så kan du sende kontonummer til Dalane Energi så legg dei denne til utbetaling.
Norgespris er ei støtteordning og ikkje ein straumavtale. Straumleverandøren din vil alltid fakturere spotpris - så kjem Norgespris på fakturaen for nettleige fakturaen slik at summen av støtte og spotpris blir 50 øre/kWh.

Fakturering for november forbruk:

For straumforbruk i november vil Fortum AS sende faktura for straumen.
Av tekniske årsakar vil nettleigefakturaen frå Føie As  for november bli sendt frå Dalane Energi.


Fakturering fra desember forbruk:

For straumforbruket i desember (som blir fakturert i januar) vil alt kome på samme faktura – både straum, nettleige og støtteordningar.

eFaktura og AvtaleGiro:

eFaktura vil gå som normalt.
Dersom du hadde AvtaleGiro-trekk, må dette legges inn på nytt i nettbanken din. Detaljar for å legge til avtalegiro finner du på første faktura.
Papir og e-post faktura vil gå som tidlgare.


Treng du hjelp eller meir informasjon?

📞 Kontakt kundeservice: 51 46 25 05

Nettside:https://dalane-energi.no/
aal.kraftverk@dalane-energi.no

 

Sist endret: 05.02.2026