Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ål Kommune re-godkjent som Trafikksikker kommune

Ål kommune re-godkjent som trafikksikker kommune for tredje gang!

I dag vart Ål kommune re-godkjent som trafikksikker kommune for tredje gang av Trygg Trafikk. Me hadde gleda av å få besøk av representantar frå Trygg Trafikk og Buskerud fylkeskommune.

Me er stolte og glade over å behalde denne viktige statusen. Dette bekreftar at vårt arbeid med trafikksikkerheit vert anerkjent, og me held fram innsatsen for tryggje vegar for alle i kommunen.

Som ein del av prosessen har me levert inn dokumentasjon til Trygg Trafikk, og ei spørjeundersøkjing viser at kommunen har hatt eit tydeleg fokus på trafikksikkerheit dei siste åra.

Me har også ein tydeleg og detaljert trafikksikkerheitsplan som Trygg Trafikk trakk fram som eit solid og viktig grunnlag for arbeidet vårt.

Ål kommune ynskjer også å styrkje bevisstgjeringa rundt trafikksikkerheit i kulturlivet. Me tek kvart år imot mange besøkande til våre spennande arrangement, og trafikksikkerheit vil alltid være ei prioritert oppgave for oss.    

Ål Kommune sine representantar saman med Nina Gjervik t.v. v/Trygg Trafikk,  tok imot regodkjenning som Trafikksikker kommune, og gåva frå Buskerud Fylkeskommune på kr 10 000,- til trafikksikkerheitstiltak i kommunen vår
Ål Kommune sine representantar saman med Nina Gjervik t.v. v/Trygg Trafikk,  tok imot regodkjenning som Trafikksikker kommune, og gåva frå Buskerud Fylkeskommune på kr 10 000,- til trafikksikkerheitstiltak i kommunen vår

Sist endret: 05.12.2024