Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ål Frivilligsentral med 15 års jubileum

15-årsjubileet og fest for dei frivillige vart feira på Evjens 27. november med flotte taler, prisar, god mat, underhaldning og god stemning.

Rådmann Karsten Dideriksen fortalte om korleis Ål frivilligsentral vart etablert og kor stor betydning den har hatt for Ål desse 15 åra. Styreleiar Ida Marie Holen har vore med i styret i alle år, og fekk ein stor takk og blomar frå rådmannen. Dagleg leiar Turid Hilde Gåsbakk fekk gode ord frå rådmannen og overrekt diplom for Verdas beste frivilligsentral.

Årets frivilligpris gjekk til Sigrun Marie Johnsrud og Villy Johnsrud for den store innsatsen og engasjementet dei gjer som betyr så mykje for mange i Ål-samfunnet. Dei er ofte å sjå som kulturhusvertar, Villy er ofte i gul vest med ulike vaktordningar mens Sigrun handlar og er fast på kontoret på Småjobbsentralen.

Frivilligsentralen sin hederspris gjekk til Grete Berg Evensen for den store innsatsen og engasjementet gjennom 15 år. Ho har vore med i styret i ei årrekke, vore besøksvenn, fadder for nye ålingar, hjelpt til på språkkafé og med mange ulike aktivitetar. Grete har stor omsorg for andre og har gleda mange både på Torpo og på Ål.

Egil Skrindo Nilsen og Nina Øen Haugen spelte og sang tre fengande og flotte låtar for oss. Simen og Turid Hilde informerte om aktivitetane ved dei to frivilligsentralane og vi avslutta ein flott kveld med utlodning av gåver og fruktkorger sponsa av Kiwi Ål og Spar Ål.

Tusen takk til alle frivillige og gjester som møtte opp og var med å laga ein flott fest og jubileum. Den største gleda vi kan ha er å gjere andre glad.

Sist endret: 28.11.2025