Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Prisdryss 2025

Ål kommune sin kulturpris og stipend 2025

Kulturpris:
Torill Kvalvågnes

Årets vinnar har i alle år vore ein aktiv deltakar og støttespelar for kulturlivet i Ål. Vedkomande er ein typisk representant for det engasjerte, men ueigennyttige kulturarbeidet. Virkefeltet har vore breitt og omfattande i heile vinnaren sitt vaksne liv. Vedkomande har alltid vore lett å beda, til stor glede for dei i bygda som skal få til og arrangere noko, og det har alltid vore høg kvalitet over denne innsatsen.

I tillegg til eit utstrekt frivillig engasjement lokalt og regionalt, har vinnaren ei rikhaldig merittliste over personlege topp-prestasjonar innan musikk og dans.

Ho har vore eit aktivt medlem i Ål Spel- og dansarlag sidan oppstarten i 1968, og har Landskappleiksigrar i både vokal klasse A og dans hardingfele klasse A.

Ho er representert på lokale og nasjonale CD`ar med kveding og visesong og har medverka på ei rekke konsertar og oppsetjingar gjennom si lange karriere.

I tillegg kjem det enorme arbeidet og engasjementet for å dele musikkgleda med andre, unge som gamle, og å føre tradisjonane vidare.

Ho var ei stor drivkraft i «Basken» - eit nyskapande barnearbeid for tradisjonskultur i Ål som har hatt store ringverknader både lokalt og nasjonalt.

Ho er også ei viktig kraft i Kårstugu, som song- og møteleiar, og arbeider med utgjeving av songbok for eldre.

(Ekstra stas for meg å få dele ut prisen til ho eg kan takka for mi fyrste og avgjerande songopplæring i lukkelege barneår på Stave.)

Årets vinnar av kulturprisen er godaste Torill Kvalvågnes!

Ungdomsstipend idrett:
Even Opheim
Anders Lundsgaard Aas

Årets ungdomsstipend går til ein duo som hevdar seg på internasjonalt nivå i Telemark, ein idrett med sterke lokale røter og veksande merksemd både nasjonalt og på verdensbasis.

Begge kombinerar idrettskarriera med vidaregåande skulegang og legg ned ein enorm innsats i eigentrening, samlingar og renn både nasjonalt og internasjonalt. Juryen vil særleg lyfte fram duoen som positive krefter i eit lite miljø i stor vekst, der dei bidreg langt utover kva som er forventa som miljøskaparar og førebilete.

Mellom seg har dei ei rekke sterke prestasjonar å vise til; Even 15. plass i World Cup i Trillevallen (SWE) 10. og 8. plass i World Cup på heimebane Tatt ut til å køyre VM i Frankrike, med ein 5. plass, ein 3. plass, ein 2. plass og ein 1. plass i team parallell ·      

Even speler i tillegg på A-laget til HFK, og var berre eit målpoeng unna tredjeplassen i serien i 2025. Neste år han han som mål å koma til 1. runde i NM med A-laget og å vinne Norway Cup med juniorlaget.  

Anders: Vinnar i aldersbestemt klasse i FIS-renn (i Hinterux, Austerrike) Noregsmeister Aldersbestemt 2024, sprint på Lillehammer Vinnar av Norgescupen aldersbestemt 2022/2023 sesong 8. plass i FIS Junior World Ski Championships (sprint) 3. Plass I FIS Junior World Ski Championships (paralell)

Begge har også høge – og realistiske - ambisjonar for komande år. Dei skal delta i verdscupen med mål om å hevde seg i topp 10, eit av renna går på heimebane her på Ål i februar! I tillegg er begge tatt ut til  junior VM i Italia i mars, og har mål om pallplasseringar og sigrar der.

Gratulerer så mykje til årets vinnarar av idrettsstipend for ungdom: Even Opheim og Anders Lundsgaard Aas!       

Her kjem ei videohelsing frå Anders
Video.mov:

Ungdomsstipend kultur

Gjermund Stræte Lie

Årets vinnar er eit ungdomstalent som ikkje berre utmerkar seg – han forvaltar noko heilt unikt. Vedkomande er ein uvanleg dedikert og allsidig kulturutøvar som gjennom fleire år har markert seg musikalsk og sosialt både i Hallingdal og på landsbasis.

Vinnaren viser eit imponerande fagleg nivå, ei sjeldan kunstnarleg retning og ei sterk forankring i lokal kulturarv. Hen er ein inkluderande og engasjert miljøskapar, eit stort førebilete for andre unge, og ein viktig kulturberedskapar for framtida. Med sitt engasjement og sin livskraftige utøvarglede lyfter hen både tradisjonen og det lokale kulturlivet.

Vedkomande har ei rekke sigrar og topp-plasseringar på både landskappleikar og lokalkappleikar, og er ein ettertrakta utøvar som trass ung alder allereie har medverka på ei rekke ulike arrangement. I haust heldt hen til og med solokonsert på ein av landets største folkemusikkfestivalar.

Årets vinnar er ein av svært få utøvarar på sine instrument, som brenn for å halde denne særs viktige tradisjonen levande - med ein klar ambisjon om å utvikle repertoaret vidare ved å overføre folkemusikk frå andre instrument.
Interessa for dei eldste blåseinstrumenta starta allereie då han var fire år og såg Eilif Gundersen spele lur. Så snart framtennene kom på plass, vart han elev på trompet ved kulturskulen, og har sidan vore ein aktiv og lojal del av kulturskulen og Hugnadheim sitt konsert- og prosjektliv.

Som tiåring fekk han endeleg styrken og teknikken som måtte til for å spela lur, og dei siste tre åra også bukkehorn – eit instrument med røter fleire tusen år attende.

Vinnaren er dessutan ein dyktig dansar. Han starta (endeleg 😉) å danse for berre få år sidan, og trenar no fast på Hugnadheim hjå Martin Myhr og markerer seg som ein svært habil utøvar både i laus og pardans – noko dei sterke konkurranseresultata viser. Han er ein positiv, inkluderande og viktig del av miljøet av Hugnadheim, både fagleg og sosialt. Som om ikkje dette var nok, driv han med birøkt som hobby. Eit flott døme på eit ungt menneske som både tek vare på naturen og lokalsamfunnet sitt.

Gratulerer til årets vinnar av kulturstipend for ungdom, Gjermund Stræte Lie!

 

Vi gratulerer alle vinnarane og takkar for innsatsen og arbeidet de gjer!

 

Sist endret: 22.12.2025