Kunngjering:
Leikvolstølen
Kunngjering av planvedtak – kommunestyresak 19/2025 Reguleringsendring for del av Detaljreguleringsplan Leikvollstølen planID 2009001
I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-14 vedtok Ål kommunestyre i møtet den 20.02.2025, sak 19/2025, Reguleringsendring for del av Detaljreguleringsplan Leikvollstølen, planID 2009001, med tilhøyrande føresegner, planomtale og utbyggingsavtale.
Planområdet, som er på ca. 120 daa, ligg på Torpoåsen, sør for Nørdre Volelivegen ved Leikvollstølen. Føremålet med planendringa er å flytte/justere 21 tomter for fritidsbustader, samt tilkomstveg i sørlege- og vestlege del av planområdet. Arealet til tidlegare regulerte tomter og vegar er tatt med i planomrisset for å regulere desse attende til LNF-føremål.
Vedteken detaljregulering finn ein under Plan og regulering på heimesida til Ål kommune, www.aal.kommune.no under Høyringar og kunngjeringar, og i Planarkivet med planID 2009001.
Kommunestyret sitt vedtak kan i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9, og jf. forvaltningslovas kap.VI, påklagast til departementet.
Det kan ikkje klagast på tilhøve som tidlegare har vore avgjort etter klage eller motsegn på detaljreguleringa.
Klagefristen er tre veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram.
Ei eventuell klage må sendast skriftleg til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller på e-post til postmottak@aal.kommune.no. Ein må opplyse om datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak ein klagar på, endringar ein ynskjer og dei grunnar klagen støttar seg på. Klagen må vere underskriven.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må fremjast skriftleg til Ål kommune innan 3 – tre – år frå denne offentlege kunngjeringa av reguleringsvedtaket jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.
Leikvollstølen II_planbeskrivelse_05.02.2025
Reguleringsbestemmelser_Leikvollstølen II
Torpo industriområde - reguleringsendring
Ål kommune vedtok den 14.05.2024, sak 2022/132, delegert vedtak om reguleringsendring for del av “Torpo industriområde og masseuttak – T4 – planID 2009006”.
Dette i medhald av plan- og bygningslova § 12-14."
Torpo industriområde og masseuttak - reguleringsendring, vedtak
Torpo industriområde og masseuttak - Plankart
Varsel om oppstart av planarbeid:
Oppstart planarbeid - Reguleringsendring Hago bustadfelt, planID2017010
I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-14 blir det med dette varsla om igangsetting av reguleringsendring for Hago bustadfelt.
Hovudformålet med reguleringsendringa er å sikre meir fleksibel utnytting av arealet til bustadføremål ved å tillate høgare utnytting av nokre av tomtene.
Her kan du lesa kva endringar som er føreslått i reguleringsbestemmelsane:
Forslag til reguleringsbestemmelser - Hago
Gjeldande reguleringsbestemmelsar:
Gjeldande reguleringsbestemmelser - Hago
Kart:
Reguleringsplan vedteke - Hago
Merknader vert å sende til postmottak@aal.kommune.no , elektronisk via denne lenka eller skriftleg til: Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål innan 22.04.2025.
Høyringar
5. gongs høyring arealdelen Ål (bustad og næring)
Kommuneplanutvalet vedtok i møte den 31.03.25 i sak 6/25 å leggje arealdelen av kommuneplanen for Ål ut på 5.gongs avgrensa høyring.
Dette i medhald av plan- og bygningslova § 11-14.
Endringane gjeld i hovudsak eit nytt område som er avsett til framtidig nytt kryss rv7-Kleivi.
Planmaterialet finn du her:
Planskildring - Arealdelen av kommuneplanen 2023-2035 - Ål kommune - rev 310325.pdf
Føresegner og retningsliner Arealdelen av kommuneplanen 2023-2035 31.3.2025.pdf
Detaljkart KP Aal til 5 gongs handsaming A0 utan fare og støy org.pdf
KP Aal til 5 gongs handsaming A0 alle aktsemdssoner org.pdf
Høyringsfrist 13.mai.
Send inn merknad elektronisk via denne lenka, Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål eller til postmottak@aal.kommune.no