Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Folkehelse

Folkehelse handlar om korleis du og me alle har det; helse, fråvær grunna sjukdom, meistring, trivsel og livskvalitet. Det handlar om helsetilstanden i befolkninga og korleis helsa fordeler seg blant oss.

Innbyggjarane si helse og livskvalitet vert påverka av ulike faktorar, som til dømes nærmiljø, oppvekst- og skuleforhold, tilgang på arbeid og sunne arbeidsforhold, i tillegg til kosthald, fysisk aktivitet og tobakk.

Folkehelse handlar om livskvalitet – å leve gode liv med god helse og trivsel. Helsa og livskvalitet er ujamt fordelt i befolkninga. Difor er folkehelsearbeidet viktig for å jamne ut forskjellar og å leggje til rette for at alle kan ta helsevennlege val. Kommunen si oppgåve er å leggje til rette for det blir lettare å ta dei gode vala.

I Ål kommune er fokuset på å skape eit lokalsamfunn der alle innbyggjarane kan leve godt, sunt og trygt. Me arbeider med strukturane rundt enkeltmennesket – enten det handlar om oppvekstvilkår, arbeidsliv eller nærmiljø og stadsutvikling. God helse vert skapt der me lever våre liv. Ved å arbeide helsefremjande og førebyggjande på tvers av samfunnssektorar kan me leggje til rette for gode liv, der innbyggjarane opplever meining, meistring og tilhørigheit. 

I Ål kommune skal det vere godt å leve.  

Folkehelsearbeidet i kommunen - eit langsiktig arbeid

Folkehelselova skal bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, herunder jamnar ut sosiale helseforskjellar. Folkehelsearbeidet skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller lidelse.

§ 4 i folkehelselova beskriv kommunen sitt ansvar:

Kommunen skal fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller lidelse, bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar og bidra til å beskytte befolkninga mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa.

Kommunen skal fremje folkehelse innan dei oppgåvene, og med dei verkemidla kommunen er gjeve, herunder ved lokal utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting.

Kommunen skal medverke til at helsemessige omsyn vert varetatt av andre myndigheiter og verksemder. Medverking skal skje blant anna gjennom råd, utsegn, samarbeid og deltaking i planlegging. Kommunen skal leggje til rette for samarbeid med frivillig sektor. 

(Her finn du lenkje til Folkehelseloven, 2012)  

Folkehelsearbeidet i Ål skal bidra til å redusere og jamne ut dei sosiale helseforskjellane. Sosiale helseforskjellar betyr at faktorar som utdanning, yrke og inntekt påverkar levekår og levesett, som igjen gir forskjellar i helse mellom innbyggjarane. Det er ein tydeleg samanheng mellom helse og lengde på utdanning og inntektsnivå.

Dei siste 10 åra har me sett ei auke i helseforskjellane. I Folkehelsemeldingen lyfter regjeringa fram utjamning av sosiale helseforskjellar som ei viktig prioritering.

Viktige fokusområde i folkehelsearbeidet:

  • Redusere sosiale skilnader i helse 
  • Auke sosial deltaking §  Bidra til helsefremjande stadsutvikling
  • Bidra til helsefremjande stadsutvikling
  • Sikre medverknad i lokalsamfunnet
  • Påverke positivt innbyggjarane si helserelaterte åtferd  

Les meir om kommunalt folkehelsearbeid her   

Folkehelse og berekraftig utvikling

Ål kommune er medlem i nettverket Nettverk for helsefremmende samfunn, (Fremsam), som er ein del av WHOs europeiske Healthy Cities nettverk. Me fylgjer WHOs visjon og strategi for helsevennleg samfunnsutvikling, som byggjer på FNs berekraftsmål og Agenda 2030.

Investering i innbyggjarane si helse og livskvalitet er ein avgjerande faktor for å skape berekraftige samfunn. FNs berekraftsmål gjer difor folkehelsearbeidet meir aktuelt enn nokon gong.

Ved å nytte berekraftsmåla som vårt rammeverk for planlegging og tenesteyting, utfordrast me til å sjå samfunnsutviklinga i ein større samanheng. Det inneber å arbeide for rettferdige og inkluderande samfunn, med eit sterkt fokus på å jamne ut sosiale helseforskjellar.

For å lykkast med dette må me arbeide saman på tvers av sektorar og i samarbeid med innbyggjarane. Det er gjennom fellesskapet at me skapar berekraftige løysingar og sikrar at Ål kommune er ein god stad å leve for alle!

Ål kommune si folkehelseoversikt

Folkehelseoversikta er eit viktig styringsdokument i kommunen sitt arbeid med folkehelse.

Kommunen gjennom folkehelseloven § 5 skal ha ei nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne.

Link til oversiktsdokumentet

Oversiktsdokumentet skal oppdaterast kvart fjerde år og skal gje eit bilete av folkehelsa i kommunen. I dokumentet vert dei viktigaste folkehelseutfordringane i Ål kommune presentert med tilhøyrande forslag på kva kommunen kan gjere for å imøtekomme desse utfordringane.

Oversiktsdokumentet er ikkje fullstendig. Det vil difor vere behov for ytterlegare kartlegging av fleire temaområde i åra som kjem.

Folkehelseprofilen 2023

Folkehelseprofil for Ål kommune 2023

Oppvekstprofil 2023

Oppvekstprofil for Ål kommune 2023 

Folkehelseundersøkinga i Viken 2021

I 2021 gjennomførte Viken fylkeskommune ein folkehelseundersøking for alle kommunar i fylket. Undersøkinga bestod av spørsmål til alle innbyggjarane over 18 år om korleis befolkninga opplever eigen helse, trivsel og livskvalitet i nærmiljøet der dei bur.

Folkehelseundersøkelsen er viktig for kommunen. Undersøkinga gir ein ny og unik kunnskap om korleis innbyggjarar i Ål over 18 år opplever sin eigen livssituasjon. Kunnskapen gir kommunen moglegheit til å utvikle lokalsamfunn og nærmiljø til det betre for befolkninga.

Sjå resultata frå undersøkinga her:

Sjølvhjelpsgrupper i Hallingdal

Oversikt over sjølvhjelpsgrupper i Hallingdal

Informasjon finn du òg på www.kursihallingdal.no og Selvhjelp i Hallingdal si facebookside. Ta kontakt med igangsetjar/gruppeleiar om du ønsker meir informasjon eller å melde deg til nokon av gruppene. Det står oppført kva for grupper som ikkje krev påmelding; lågterskeltilbod der du berre kan møte opp. Igangsetjarar i nettverket har vore gjennom kurs i regi av Selvhjelp Norge og/eller er fagpersonar innan helse.

Trykk på lenkja og lytt til podkasten "Gullet i dritten", ein podkast om sjølvhjelpsarbeidet i Hallingdal.

Helserelaterte kurs

Oversikt og formidling av lokale helserelaterte kurstilbod

Hallinghelse

Hallinghelse er eit interkommunalt samarbeid som jobbar for at alle innbyggarar i Hallingdal skal få likeverdige helsetenestar.

Gå til Hallinghelse 

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar alle miljøforhold som direkte eller indirekte kan ha ei innvirkning på befolkning si helse. Dersom ein identifiserer forhold ved miljøet som kan påverke helsa i negativ retning, handlar miljøretta helsevern om å forbetre desse forholda.

Det interkommunale samarbeidstiltaket Miljøretta helsevern Hallingdal (MHVH) utfører tenester for kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. MHVH har kontor på Gol, samlokalisert med Mattilsynet.

Kommuneoverlegane i Hallingdal er dei fagleg overordna og utgjer styringsgruppa for arbeidet med miljøretta helsevern.

Sjå nettsida til Miljøretta Helsevern Hallingdal og Valdres: http://www.mhvh.no 

Ingunn Håverstad tlf: 40 90 92 56

Line Aasli Moen tlf: 40 90 92 57

Førebygging

Førebygging er tiltak retta mot sjukdom og helseulemper, enten for å unngå sjukdom eller for å meistre sjukdom på ein betre måte. Førebyggjande tiltak er individretta eller grupperetta. 

Arbeid med førebygging skjer på ulike stader. Alt helsearbeid, enten det er i omsorgstenestene, behandling eller under psykisk helse, vil ha innslag av førebygging. Dei viktigaste aktørane er likevel:

Ungdata

Les rapportane her:

Nøkkeltallsrapport Ål ungdomsskule 2021.pdf

Nøkkeltallsrapport Ål Vidaregåande skule 2021

Det kjem ein ny ungdataundersøkelse i 2025.

Hallingdal - samanlikningsrapport ungdomsskular 2021

Trafikksikker kommune

Ål kommune er godkjent som trafikksikker kommune. Godt trafikksikkerheitsarbeid gir oss eit tryggare lokalmiljø, mindre skader og meir fornøgde innbyggjarar. Kommunen er ein viktig aktør i sikkerheitsarbeidet, og har valt å vareta dette ansvaret gjennom konseptet trafikksikker kommune, levert av Trygg Trafikk i samarbeid med Viken fylkeskommune. Å bli godkjent som trafikksikker kommune er ingen garanti for fråvær av ulykker, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målretta og heilhetleg arbeid med trafikksikkerheit.

Trafikksikker kommune - lenkje til Trygg trafikk

Av-og-til kommune

Ål kommune samarbeider med Av- og-til om rusførebygging. Me arbeider for å førebyggje og redusere alkoholskadar, og for å gjere kvardagen tryggare for alle som bur i kommunen. Alkoholførebyggjing er ein del av folkehelsearbeidet i kommunen og kommunens arbeid med å sikre gode oppvekstmiljø.

Lenkje til å lese meir om av-og-til 

Kontakt folkehelsekoordinator

Folkehelsekoordinator i Ål kommune er Hege Malene Ulstein.
Plan og utvikling
Tlf: 475 03 995
E-post: hege.malene.ulstein@aal.kommune.no

Folkehelsekoordinator tek gjerne imot innspel i forhold til kommunens folkehelsearbeid.