Badstova på Oppsjø Vasspark Ål ligg ved Ål idrettspark, nærare bestemt mellom Bråta og Oppsjø Næringspark. Det er mogeleg å parkere på Bråta (adresse: Ål Idrettspark 1). Det er ca 500 m å gå frå parkeringa langs ein grusveg. På vinterstid må ein gå på sida av skiløypa.
Oppsjø Vasspark er eit offentleg friluftsområde og omfattar både badeanlegg, badstove, dagsturhytte, toalettanlegg og ein BUA-filial for vatnaktivitetar.
Brukarar av badstova må ta hensyn til andre grupper som også nyttar anlegget.
Booking
Det er mogleg å booke heile badstova på oppsette tider:
Bestill privat badstovetid på Gibbs.no
ENGLISH: Book your private sauna session via our booking system.
Etter bestilling får du tilsendt kode på epost og sms som du brukar for å låse opp.
Merk at badstova ikkje er varm ved ankomst. Oppvarmingstid er ca. 40 min og er rekna med i bookingtida.
Pris for å booke badstova i 2 timar er kr 500,-
Du betalar når du bestiller.
Etter bruk, venlegast rydd opp og tørk golva for vatn og sand. Ved overdriven tilgrising vil det bli fakturert eit reingjeringsgebyr på kr. 950,-.
Drop-in
Enkelte lag og foreiningar i Ål organiserer drop-in badstove på Oppsjø. Dit er det berre å koma, du treng ikkje booke plass eller melde deg på på førehand. Nokre drop-in-tider er forbehaldt særskilte målgrupper, medan andre er opne for alle.
Drop-in-tidene hausten 2024 er:
- Mandagar kl. 10:00-12:00. Ope for alle. Organisert av Frivilligsentralen.
- Onsdagar kl. 17:00-19:00. Ope for alle. Organisert av Hallingdal Vinterlaugarlag.
- Torsdagar kl. 19:00-21:00. Oddetallsveker ope for alle. Partalsveker er det herrebadstue. Organisert av Frivilligsentralen.
- Laurdagar kl. 10:00-12:00. Ope for alle. Organisert av Hallingdal Vinterlaugarlag.
- Sundagar kl. 14:00-18:30 Ope for alle. Organisert av Hallingdal Vinterlaugarlag.
Drop-in kostar 60 kr og skal betalast inn til Vippsnr #880821
Badstovekveld for 20-40 år
Foreininga Framstøling arrangerer også badstove på tysdagar kl 19.00-20.00 for dei mellom 20-40 år. NB! Påmelding via Framstøling si Facebook-side.
Bruk av badstova
Ei hyggeleg oppleving i badstova startar med god hygiene.
Venlegast ver rein før du kjem, og bruk alltid eit handkle når du sit.
Verdisaker
Du er sjølv ansvarleg for å passe på verdisaker som blir tatt med til badstova, dagsturhytta og badeplassen. Det finst imidlertid fire låsbare mobiltelefon-skåp på veggen på utsida av badstova til fri bruk.
NB! Du må sjølv ta med hengelås for å låse skåpet.
Badstovevettreglar
Badstovevettreglane gjeldt både for drop-in og private bookingar:
1. Ver venleg å sørg for at du er rein før du går i badstova.
2. Sitt på handkle i badstova.
3. All bading og bruk av badstova skjer på eige ansvar. Ikkje svøm aleine/usett.
4. Ver merksam på at det kan vere glatte golv både ute og inne.
5. Ta omsyn til andre, hald lydnivået nede i badstova.
6. Spør før du heller på vatn på omnen.
7. Ikkje bruk duftoljer eller kroppsskrubb i badstova.
8. Born under 18 år må vere i følge med foresatt.
9. Kjenner du deg ukomfortabel, svimmel eller søvnig – forlat badstova straks.
10. Røyking er forbode. Ingen mat og snus i badstova.
11. Det er ikkje lov å nyte alkohol på badeplassen og i badstova.
Pust ut, ro ned og nyt!
Dagsturhytta Oppsjø Vasspark
Vegg i vegg med badstova finn du dagsturhytta ved Oppsjø Vasspark. Den er open på dagtid heile året og kan nyttast til klesskift før og etter bruk av badstova.
Merk at hytta skal kunne nyttast av alle som ynskjer det, og det er derfor ikkje høve til å låse hytta til eige bruk. Ikkje legg frå deg kler, utstyr og verdisaker i dagsturhytta.
I enden av BUA-bygget finn du også eit toalett som kan nyttast til klesskift.
Døra til både dagsturhytta og toalettet vert låst automatisk kl 22:00.
Reglar ved bruk av dagsturhytta:
- Ikkje legg at søppel, sørg for å ta med alle eigendelar etterbruk
- Det er ikkje lov med dyr inne i hytta
- Det er ikkje lov å overnatte i dagsturhytta
- Fyring i omnen på eige ansvar.
- Du må ha med eigen ved
- Forlat dagsturhytta i den stand du ynskjer å finne den

Opplever du feil eller manglar med Badstova eller Dagsturhytta, kontakt Servicetenester ved Ål kommune, epost: Servicetorget@aal.kommune.no
