Adresse
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Bakkevegen 1, 3579 Torpo
Telefon: 32 08 54 55
Styrar
Liv Tancke-Larsen tlf. 32 08 54 58/97 08 56 25
Generell informasjon
Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage for barn i alderen 1 - 5 år. Det er i hovedsak barn frå Opheim og Torpo som har plass her. Barnehagen ligg fint plassert i Torpo sentrum med gåavstand til butikk, skule, fotballbane, skiløype og fin natur. Det fyrste bygget sto ferdig i 1979, men har vore utvida i fleire omgangar. I 2015 vart heile huset renovert og framstår no som ein barnehage godt tilpassa behova barn og tilsette har for ein kreativ og hyggeleg kvardag. Me har eit uteområde med variert terreng og ein fin, liten skog innanfor gjerdet.
Torpo barnehage har full pedagogdekning og eit personale som arbeider med både hovud og hjarte. Me er oppteken av å skape ei tydeleg pedagogisk ramme om vår verksemd, der det er plass til at barn og vaksne saman skal fylle ramma med innhald. (sjå pedagogisk plattform under)
Pedagogisk plattform
Visjon:
Du og eg - saman om noko!
1. Pedagogisk grunnsyn:
-Me vektlegg mangfald, medverknad og møter kvarandre med respekt i alle kvardagsaktivitetar
-Me arbeider for at barna i aukande grad kan balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov
-Me ynskjer ein kvardag fylt av glede og godt humør
2. Pedagogikk:
-Vektlegging av leik som den viktigaste læringsarenaen i barnehagen
-Barns medverknad i pedagogisk arbeid
-Fokus på raud tråd i arbeid med utviklingsarbeid, fagområder og prosjekt
-Trygge og varme tilsette som gir gode rammer til alle barn
3. Arbeidsmåtar:
-Fleksibel dagsrytme med medverknad i fokus
-Tilsette som «går foran, ved sidan av og bak» i leik og omsorg
-Barnemøte, samling og klubb
-Barnesamtaler
-Bruk av digitale verktøy
-Arbeid med fagområder og prosjekt både ute og inne
-«Betre språk» og «teikn som støtte» som verktøy for betre språkutvikling
Planar
Opningstider
Opningstida er måndag til fredag kl 07.30 til 16.30 (til 17.00 på bestilling med to dagars varsel)
Planleggingsdagar
Planleggingsdagar 2024-2025:
15. og 16. august 2024
15. november 2024
07. februar 2025
30. mai 2025
14. og 15. august 2025
Råd og utval
FAU 2024-2025 | SU 2024-2025 |
Sigurd Jordet, leiar | Arnstein Bleiktvedt - leiar |
Arnstein Bleiktvedt, nestleiar | Sigurd Jordet, nestleiar |
Ann Kristin Berglund Flatland 1.vara | Ingeborg S. Killingberg, tilsett |
Lena Loftsgård 2.vara | Gro Anita Ødelien, tilsett |
Anders Lunden Herfoss, politisk/Sp | |
Liv Tanche-larsen, styrar/sekretær |