Adresse
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Branesvegen 2, 3570 Ål
Styrar
Grete Toril Hagen, tlf. 32 08 54 06 / 409 18 118
Generell informasjon
Frå hausten 2024 tilbyr barnehagen totalt 66 plassar. Kapasiteten er utvida frå to til tre avdelingar ved at ein har teke i bruk rom på Skattebøl skule til ei avdeling for dei eldste barna. Barnehagen ligg vakkert til i eit skogholt på Brennoflata. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Me ynskjer å vere ein arena der barna kan finne glede i å vere i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.
Grunnsyn/visjon
Vårt pedagogiske grunnsyn er basert på respekt for enkeltindividet, og at tryggleik er den viktigaste føresetnaden for at læring kan skje. Det vil seie at all handling og all aktivitet, må bygge på desse to hovudprinsippa.Me ønskjer at barnehagen skal vere ein stad der barna kjenner seg trygge, og at dei gjennom fellesskapet i barnehagen skal få oppleve glede og vekst. Barna skal få vere med å bestemme over kvardagen sin, og ei målsetting er at dei skal få eit sterkt eigarforhold til barnehagen, «Barnehagen min..»
Visjonen vår har me formulert slik:
Varme og omsorg,
læring og vekst,
- hand i hand.
Denne visjonen vil vere eit utgangspunkt for all planlegging av verksemda vår. Me vonar, på ein best mogleg måte, å kunne sikre kvaliteten på det tilbodet barnehagen gjev. Både stabilitet og fleksibilitet er grunnleggjande føresetnadar for det daglege arbeidet vårt. Med varme og omsorg vonar me å gjere barna trygge, og dermed «klare» for å lære og utvikle seg. Berre det barnet som er trygt, leikar.Og som kjent er leiken barnas viktigaste lærearena. Det blir «å lære ved å gjere».
Opningstider frå hausten 2024
Opningstida er kl.07.30 - 16.30, 5 dagar i veka. Det er høve til å søkje om utvida opningstid. Sjå heimesida til Ål kommune, Barnehagar.
Barnehagen er stengt i veke 29 og 30, og i påske- og juleveka.
Årsplan
Årsplanen finn du her:
Årsplan 2024-25.pdf
Råd og utval
SAMARBEIDSUTVALET 2024/25:
Erlend Medgard, komm. representant
Lise Håkonsrud, foreldrerepresentant
Maiken Pedersen, foreldrerepresentant
Annlaug Tveito, personalrepresentant
Charlotte Jahn, personalrepresentant
Grete T. Hagen, styrar