
Adresse
Postadresse: Torget 1, 3570 Ål
Besøksadresse: Opsatovegen 145, 3570 Ål
Styrar
Patrick Mikkelsen Kvalvågnes, tlf. 32 08 54 66 / 468 57 335
Generell informasjon
Sando barnehage er ein kommunal barnehage med 50 plassar delt på to avdelingar;
Vesleberg med barn i alderen 1-2 år og Satakroken med barn i alderen 2-6 år.
Vi har store, lyse og trivelege rom med mange moglegheiter i forhold til aktivitetar og leik.
Vi har blant anna ein felles garderobe, eit stort kjøkken og tilgang til både gymsal og sløydsal.
Ute har vi fleire leikeområde med både huske, sandkasse, klatrestativ, fotballbane, sykkelbane, lavvo og meir. Vi har òg gangavstand til fleire fine turområde som vi ofte brukar.
Me legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Pedagogisk plattform
Vår visjon er: "Verdas beste start - eit hav av moglegheiter".
Vår pedagogiske plattform: Barnehagen er barnet sin arena, det er her livet er! Barnehagen er ikkje berre ei førebuing til livet som kjem seinare. Livet er her og nå. Barndommen er ein fase i livet med stor verdi. Her møter vi livet slik det er og slik det kjem, med sine oppturer og nedturer, gleder og sorger. Barna får ta seg den tida dei treng for å lære, til å leike, til å leve i og oppleve fellesskap med andre.
Sando barnehage skal vera ein god stad å vera både for små og store. Barna skal oppleve glede, føle seg betydningsfulle og velkomne hos oss. Me vil skape gode barndomsminne ved å bry oss om kvarandre, vera ein del av eit fellesskap og føle at eg er verdt noko – uavhengig av prestasjonar. Me legg vekt på gode naturopplevingar året rundt
Satsningsområde: Friluftsliv
Det er mykje som tyder på at barn som ferdast i naturen saman med andre barn og vaksne, får fysiske, psykiske og sosiale opplevingar som er med på å gje dei god “læring for livet”.
I Sando barnehage skal barna vera aktive gjennom leiken, dei skal oppdage og undre seg over det dei ser og dermed få kunnskap om naturen. Med kunnskap kjem interessa, gleda og eit permanent ynskje om å ta vare på naturen fordi dei har lært å vera glad i den.
Naturen gir opplevingar, moglegheiter for meistring og utfordringar. Dette gir barna mykje å snakke om, og ei rikare språkutvikling. Naturen lærer barn om å ta ansvar, og gir dei rom til å undre seg.
For meir informasjon les barnehagen sin årsplan og progresjonsplan.
Årsplan
Årsplan Sando barnehage 2024-25
Opningstider
Måndag til Fredag 07.30 - 16.30
Råd og utval
Medlemmer og varamedlemmar i SU 2023-2024
Leiar | Birgitte Opsata | 98886343 | birgitte.opsata@gmail.com |
Nestleiar | Katinka Syrstad | 98401617 | katinkasyrstad@yahoo.no |
Medlem | Brita Backe | ||
Medlem | Marie Tårneby | marie.tarneby@aal.kommune.no | |
Vara | Astrid Blyverket | astrid.blyverket@aal.kommune.no | |
Styrar | Patrick Mikkelsen Kvalvågnes | patrick.mikkelsen@aal.kommune.no | |
Kom.repr | Bjørg Torsteinsrud | bjorg.torsteinsrud@aal.kommune.no |
Medlemmer i FAU (arbeidsgruppe) 2023-2024
Leiar | Katinka Syrstad | 98401617 | katinkasyrstad@yahoo.no |
Nestleiar | Birgitte Opsata | 98886343 | birgitte.opsata@gmail.com |
Sekretær | Line Espegard | 98041375 | linemnilsen@yahoo.no |
Kasserar | Synne Otteraaen Ystad | 41106356 | synne.ystad@gmail.com |
Su vara | Jannike Øvstrud | 99460036 | jannike_1993@hotmail.com |
Felles informasjon
Her finn du felles informasjon om barnehagane i Ål kommune.