Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Er du interessert i sentrumsutvikling på Sundre?

Har du innspel til sentrumsutviklinga på Sundre?

Har du innspel og ynskjer du å bidra til utviklinga av Sundre?

Då bør du møte opp på folkemøte og workshop på Sundrehall laurdag 4. mai kl 14.00-16.00.

Arrangementet er i regi av Sundre Vel, Ål kommune, Ål utvikling og Tanken Co-working.

Det blir ein gjennomgang av prosjekt Sundre Vel har jobba med dei siste åra og kva som står på blokka framover. Deretter er det mogleg å koma med  innspel på kva du tykkjer Sundre vel, Ål utvikling og Ål kommune bør jobbe saman om framover.

Ynskjer du fleire veggmaleri? Ungdomshus? Fleire møteplassar Elvelangs? Eller vil du jobbe for marknadsstemning i Myren, eller bruk av torget langs Sundrevegen?

Alle idear mottas med takk og viss du i tillegg vil bidra inn i ei arbeidsgruppe er det endå betre. Men hugs: Det er lov å berre møte opp, og gode idear forpliktar heller ikkje til vidare arbeid.

I forkant av folkemøtet kjem Sundre Vel til å halde årsmøte kl. 13.00 (også det på Sundrehall). Vanlege årsmøtesaker inkl val til styret. Vel møtt.