Riktig gjennomføring av stortings- og sametingsvalet er viktig for eit velfungerande demokrati. Derfor treng vi gode medarbeidarar på laget.
Kven leiter vi etter?
Du er effektiv, strukturert og nøyaktig slik at stemmegjevinga blir gjennomført på ein korrekt måte. Vi ser etter deg som er open og imøtekomande slik at alle som ynskjer å stemme får ei triveleg oppleving i møte med deg. Du er fleksibel, serviceinnstilt, og løysingsorientert dersom det oppstår utfordringar.
Arbeidsoppgåver
Valmedarbeidarar skal rettleie dei som kjem for å stemme, og ein skal ta imot stemmene. Du skal bidra til at alt går riktig for seg i vallokalet, og delta i opptellinga av stemmene i valglokalet etter stengetid. Vi har behov for folk til vallokalene på Torpo, Leveld og Ål kulturhus.
Krav
- Du må vere over 18 år
- Vere tilgjengeleg begge valdagar, 7. og 8. september
- Du må ha generelt gode IT-kunnskapar
- Beherske norsk språk, muntleg og skriftleg
- Kunne delta på obligatorisk opplæring
- Ha fungerande elektronisk ID, for eksempel MinID eller BankID, til innlogging i valsystemet
Du kan ikkje stå oppført på ei valliste i Buskerud valdistrikt ved valet.
Som valmedarbeidar vil du møte bredda av kommunen si befolkning, og du vil representere Ål kommune.
Arbeidstider og lønn
Som valmedarbeider må du være på plass i vallokalet i godt tid før det opnar for velgarane, og du må delta i alt etterarbeid og opptelling etter stengetid. Det er usikkert kor lang tid dette arbeidet tek. Det er ikkje anledning til å forlate arbeidsstaden i løpet av arbeidsdagen.
Opningstid på valting er 10.00 - 21.00
Ål kommune har todagarsval Nedre–Ål (kulturhuset) sundag: 15.00 – 19.00 og måndag 10.00 – 21.00.
Eindagsval Torpo (gymsalen på Torpo skule) måndag 10:00 – 21:00
Eindagsval Leveld ( gymsalen Nordbygdane skule) måndag 10:00 – 21:00.
Betaling etter faste satsar som blir vedteke av valstyret i løpet av mai.
Har du spørsmål? Ta kontakt med valansvarleg Tonje Tufto tonje.tufto@aal.kommune.no.
Vis interesse ved å sende ein e-post til: postmottak@aal.kommune.no