Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vassmålar - avlesing på SMS

Ål kommune har teke i bruk vassmålaravlesing på SMS.

SMS blir sendt ut frå eit 14-sifra nummer i midten av desember.

counter-2265065_1280.jpg

Du blir bede om å svare på SMS-meldinga og oppgje målarstand på vassmålaren din.

Vassmålaravlesing.jpg
Dei raude sifra skal ikkje vere med.

Svarfrist er laurdag 21. desember 2024. registrer berre dei svarte tala. Eventuelle tal etter komma blir ikkje teke med. Viss du ikkje svarar, vil du motta påminning som ny SMS den 27. desember 2024.
Svarfrist 1. januar 2025.

Viss du ikkje kan lese av målaren innan fristen:
Kontakt Servicetorget på telefon 3208 5000 eller send ein e-post til postmottak@aal.kommune.no

Viss du er bortreist når du får SMS-varsel:
Les av målaren før du reiser og vent på SMS, eller send ein e-post til postmottak@aal.kommune.no.
Oppgi gards- og bruksnummer, (festenummer, seksjonsnummer viss du har det) og adressa til eigedomen.

Har du ikkje oppgjeve mobiltelefonnummer, sender vi ut avlesingskort digitalt via Altinn eller digital postkasse (Digipost eller e-Boks).
Dei vi ikkje når via SMS, Altinn eller digital postkasse får avlesingskortet i posten. Her ber vi deg om å oppgi mobilnummer, slik at vi kan sende deg SMS ved neste avlesing.

Har du ikkje oppgjeve mobiltelefonnummer må du rapportere inn vassmålarstand til leseav.no, eller frankere og returnere avlesingskortet til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.
Du kan ôg sende det til postmottak@aal.kommune.no, eventuelt levere det på Tingstugu.

Spørsmål om vassmåleravlesing må rettast til postmottak@aal.kommune.no eller til Ål kommune på telefon 3208 5000.

Ved neste utsending av varsel vil kommunen bruke det mobilnummeret du svara via, eller eventuelt det nummeret du oppgir saman med avlesinga på leseav.no eller på svarslippen.

Registrering av mobilnummer

Det finst fleire offentlege register der du kan registrere mobiltelefonnummeret ditt. Det er ôg oppretta eit register knytt til SMS-tenesta. 

Her er to alternativ du kan bruke for å registrere mobiltelefonnummeret ditt:

norge.no/oppdater kontaktinformasjon

varslemeg.no

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på varslemeg.no, fordi telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

 

Sist endret: 28.04.2025