Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Vasslekkasje på Ål

Oppdatering 19.april kl 1330 Oppheving av kokepåbud.

Oppdatering 19.april kl 1330
Oppheving av kokepåbud.
Ål Kommune informerer bebuarane i Kuluvegen om at det ikkje lenger er naudsynt å koke vatn til mat og drikke. Ring Servicetorget på 32085000 hvis du har spørsmål. God helg:)

Oppdatering 19.april kl 0900:

Alle berørte husstandar skal i går kveld ha fått tilbake vatnet. Som sendt i sms til alle berørte i Kuluvegen i går kveld, så anbefalast det å koke alt vatn som skal nyttast til matlaging eller drikking inntil ny beskjed kjem.

Oppdatering 18.april kl 1545:
Alle husstandar i Ål som var ramma av vasslekkasjen, bortsett frå dei i Kuluvegen, skal no ha fått attende vatnet sitt.
Det er usikkert når tid Kuluvegen får vatnet tilbake. Det er difor plassert ut vasstank i Kuluvegen 42, der folk kan tappe vatn.
Kommunen held fram arbeidet i Kuluvegen for at alle skal få att vatnet så snart som mogleg.

 

Ål Kommune har ein større vasslekkasje i området Kuluvegen og vestover, samt frå Kvinda og vestover. I alle områder bortsett frå Kuluvegen, håpar me å ha vassforsyning frå ca kl 1900. Det jobbast med saka og ny oppdatering kjem.