Nedre-Ål skule fekk i 2024 ein splitter ny skulepark. Torsdag 12. juni kl. 16.00 er heile bygda hjarteleg velkomen til offisiell opning og feiring av det nye, flotte nærmiljøanlegget!
🎉 Opningsfest for nytt nærmiljøanlegg i Ål sentrum
📍 Stad: Sundrevegen, Nedre-Ål skule
📅 Dato: 12. juni
🕓 Tid: Kl. 16:00
Vi feirar opninga av den nye skuleparken, og du er invitert!
Det blir både kor og dans frå Ål kulturskule, og vi skal ha premiere på den heilt nye skulesongen til Nedre-Ål – det blir skikkeleg kult!
Det blir gratis mat og drikke til alle både elevar, familie, naboar til skulen og alle andre som vil koma. Dette er også ein super sjanse til å teste ut alt det nye i parken: trampolinar, skatepark, zipline, fotballbane, husker og masse anna gøy!
Vi håpar mange tek turen, og vi gler oss til å sjå både små og store der.
Vel møtt!
Tekst av: Frida Runningshaugen-Wikstrand, 9. trinn