Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nye fastlegar

Velkommen til Marthe og Karolina – våre to nye fastlegar

Vi er så heldige og fått to nye fastlegar  ved Ål legekontor.

Karolina I. M Nilsson Eriksson og Marthe Ulltang Løbø er tilsett som fastlegar og har starta praksis no i mars. Begge vil ha kvar si fastlegeliste med 400 pasientar.

Karolina har tidlegare i haust  /vinter vore vikarlege ved Ål.  Ho vil ha ei liste på 400 pasientar. Ho er i gong med spesialisering til allmennmedisin.

Marthe Ulltang Løbø kjem frå Førde, er godkjent som fastlege og har også starta med spesialisering til  allmenmedisin.   

Me har i tillegg fått ein ny LIS 1 lege (turnuslege) – Sandra Stadheim, og den 22 april vil me og ha på plass ein ny vikarlege, Fahim Kahn. Han er alt godt kjent i regionen og på legevakt, då han har vore vikarlege i Gol ei god stund.

Velkomen til oss alle saman!

Sist endret: 24.04.2024