Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

La brøytestikkene stå!

Vinteren nærmar seg, og brøytestikker har ein viktig funksjon!

Avdeling veg og park i Ål kommune er i gang med å setje opp brøytestikker. Dessverre er det nokon som syns det er artig å dra dei opp og/eller ta dei med seg.

Brøytestikkene har ein viktig funksjon mtp sikkerheit for å sjå kor langt ute brøytemannskapet kan brøyte. Dei har ôg ein funksjon som siktelinje.

Vi ber om at brøytestikkene får stå!

Fint om de som er føresette kan ta ein prat med ungane om dette.

Sist endret: 28.05.2025