Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommunalt bustadtilskot til fyrstegongsetablerarar i Ål

Ål Kommunestyre vedtok 25. mai 2023 (sak 45/ 2023) å sette av 20 MNOK til tilskot til unge vaksne mellom 18-40 år som ynskjer å kjøpe eller bygge sin fyrste bustad i Ål.

Responsen på ordninga har vore stor og ved inngongen til juli månad var samtlege avsette midlar til ordninga i 2023 delt ut. 

Sidan ordninga vart lansert 20. april 2023 og fram til byrjinga av juli, har det kome inn 118 søknader.

Det er gjeve 61 tilsegn; korav to tilsegn a kr 200 000, sju tilsegn a kr 500 000 og 52 tilsegn a kr 300 000. I tildelingsprosessen vart søkarar som hadde mest mogleg konkrete avtaler og planer om kjøp/bygging prioriterte, etter prinsippet ‘først til mølla’.

Det er per juli 2023 framleis fleire enn 40 søknadar som ikkje er handsama. Desse vert sett på vent til Kommunestyret vedtek Ål kommune sitt budsjett for 2024.

Ordninga har vore ein stor suksess og blir sannsynlegvis vidareført i 2024. Det er difor framleis mogleg å søke, men ingen nye søknader vert handsama før tidlegast i januar 2024.

Søknadsskjema og retningsliner for tilskotet finn du her

Foto: Vegard Breie, bustadfelt på Torpo

 

Sist endret: 24.04.2024