Krigsskulen skal øve seg på overleving i vinterfjellet. Ål kommune har fått informasjon frå Krigsskulen om at dei skal gjennomføre årets skimarsj i fjellområda rundt Reineskarvet. Sporløs ferdsel er fokus, og kadettane skal vera sjølvforsynte under heile skimarsjen.
Øvinga skal ikkje ha «stridsfase» og vil likne meir ein organisert skitur enn ei militær øving. All forflytting skal skje utan bruk av køyretøy. Øvinga vil gå føre seg lagvis med 8 lag á 8-10 pers som vil bevege seg innanfor øvingsområdet, og alle laga vil ha med seg følgebefal som har ansvaret for sikkerheita under øvinga.
Øvingsleiinga vil vera lokalisert ved Bergsjø, og dei vil ha dagleg kommunikasjon med laga som er ute i fjellet.
Øvinga vil gå føre seg frå 13. til 18. februar 2025, og dei skal ha startpunkt ved Holleskardet og endepunkt ved Bergsjøen. Kadettane vil bevege seg på kryss og tvers innanfor dette området. Krigsskulen er kjent med føresegner og restriksjonar som gjeld for Fødalen landskapsområde.