Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Når Ål kommune sender SMS

Når informasjonen gjeld kritiske hendingar vil informasjonen vere på bokmål

message-150505_1280.png

Administrasjonsmålet i Ål kommune er nynorsk. Ål kommunestyre har gjort vedtak om nynorsk som tenestemål, administrasjonsmål og skulemål.

Ål kommune har ca 20% innbyggjarar som har anna morsmål enn norsk. For nokre av dei er det utfordrande med nynorsk.

Frå no av vil difor SMS-meldingar om kritiske hendingar gå ut på bokmål.
Google translate gir ikkje gode oversettingar frå nynorsk.

Dette gjer vi for at alle som oppheld seg i Ål kommune skal motta informasjon om eventuelle kritiske hendingar.

Sist endret: 28.04.2025