Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Friluftslivets år

2025 er FRILUFTSLIVETS ÅR - Det håpar me å markere saman!

Dette er ei nasjonal markering for å framheve og legge til rette for lokale aktivitetar i naturen, og er ei unik moglegheit til å vise kva du og organisasjonen din jobbar for gjennom eit landsdekkande fellesskap, og til å rekruttere fleire deltakarar. 

Friluftslivet sitt år 2025 blir arrangert kvart tiande år, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, der Norsk Friluftsliv står bak prosjektet.

Prosjektet har tre hovudbodskap: Oppdag din nærnatur, inviter kvarandre ut og prøve nye friluftsaktivitetar.  

Formål:
Auke merksemd om friluftsliv og auka deltaking i friluftsliv for heile befolkninga – med varig effekt.
Friluftsliv skal vere tilgjengeleg for alle, i nærmiljøet, naturvennleg, folkehelse og frivilligheit i friluftsliv. 

Målgruppe:
Barn og unge, menneske som har lyst til å vere meir aktive i naturen, og dei som ikkje kjenner friluftslivet.

Kva skal skje i Friluftslivets år? 

Vi skal forsterke og synleggjere alt det gode som allereie blir tilbydd lokalt, og få fleire med på dette. Det er lokalsamfunnet som skal blomstre og frivilligheita spelar ei nøkkelrolle.  

Gode grunnar til å delta lokalt: 

  • Friluftslivet er for alle. Tilrettelegging og inkludering bidreg til at fleire får gode opplevingar i naturen
  • Bli meir synleg – det er lov å skryte og vise fram naturperlene sine og friluftslivstilbod
  • Få nye og styrke etablerte samarbeidsrelasjonar 
  • Gi anerkjenning til alle som bidreg til å halde friluftsliv i bevegelse, spreie glede og fellesskapet utandørs 
  • Det er bra for folkehelsa og bu-og blilyst

Ål kommune ynskjer å:

  • Kople saman alle lag og organisasjonar for å skape eit breitt og engasjert nettverk 
  • Invitere alle inn til det fellesskapet friluftslivet er, og inspirere fleire til å prøve nye aktivitetar 
  • Mobilisere og samarbeide slik at nasjonale kampanjar og lokale aktivitetar heng saman 
  • Dele kunnskap om grunnleggande friluftslivsferdigheiter og allemannsretten 
  • Etablere spleiselag med Sparebankstiftelsen DNB, Gjensidigestiftelsen og andre aktørar 

Me ynskjer å invitere alle lag og organisasjonar til å planlegge Friluftslivets år 2025 saman, der me kan samle aktivitetar og tilbod og markedsføre dei ulike tiltaka ut dersom ynskjeleg. 

Kva vil ditt lag eller organisasjon gjere i 2025 for å markere Friluftslivets år?
Kva for aktivitetar kan vera opne for alle? Kva for aktivitetar kan vera utan kostnad?
Kva for aktivitetar kan me eventuelt samlast om i Hallingdal?
Via denne lenka finn du meir informasjon

Her finn du lenke for lag og organisasjoner som kan søke midlar:
Tilskot - Friluftslivets år 2025 - Norsk Friluftsliv

Invitasjon til felles møte til hausten kjem! Del gjerne med ditt lag eller organisasjon i mellomtida.

 

Sist endret: 28.04.2025