Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Folkehelsemeldinga

Folkehelsemeldinga — Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar.

Ny folkehelsemelding 2023: Ei folkehelsemelding som utjamnar sosiale helseforskjellar

Fredag 31.mars la regjeringa fram si folkehelsemelding, som er den første stortingsmeldinga statsråden legg fram.

Folkehelsemeldinga, Meld. St. 15 (2022-2023) presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Meldinga er regjeringas strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar.

Folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde:

  1. Dei samfunnsskapte vilkåra for god helse
  2. Levevanar og førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
  3. Psykisk helse og livskvalitet
  4. Vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø
  5. Kommunikasjon og innbyggardialog
  6. Førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta

Regjeringa vil gje auka prioritet til folkehelsepolitikken.

For å lykkast med dei breie folkehelsetiltaka skal regjeringa forsterke innretninga i det systematiske folkehelsearbeidet.  

Meir informasjon finn du her: Les heile dokumentet her

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no

Sist endret: 24.04.2024