Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Bulyst samarbeider med "Freysta"

Bu- og blilystprosjektet har starta eit spanande samarbeid med bygdeportalen «Freysta: Villages of Norway». Slik vil vi vise fram det gode liv i grendene i Ål!

«Freysta» er ein nasjonal bygdeportal på nett, som hevdar dei er «ein blanding av Tinder og Finn.no». Men det er altså ikkje draumemannen eller din neste bil dei vil vise. Det er norske bygder!

Moderne matchmaking mellom menneske og bygder

«Vi trur at mange bekkar små gjer ei stor å. Difor vil vi samle flest mogleg bygder i Freysta. Her kan folk søke seg fram til bygda som passar akkurat deira interesser og behov best. Nokon likar ski, andre leitar etter heimekontoret med den råaste utsikta; andre igjen er mest opptekne av om det er langt til barnehage og skule,» forklarar dagleg leiar i Freysta, Marion Solheim. På Freysta kan ein søke opp bygder basert på eigne interesser og preferansar. Likar du fjell, fiske og laftahus, og er oppteken av god barnehagedekning? Ja, då syner Freysta deg bygder som kan tilby nettopp dette.

Potensielle innbyggarar og arbeidstakarar

Bu- og blilyst i Ål har valt å teste ut Freysta i ein prøveperiode i 2024-2025. Gjennom samarbeidet får vi tilgang til heile medlemsdatabasen på nettsida. Den består av menneske frå heile verden som kan tenke seg å flytte til ei norsk bygd. Mange har høg utdanning og spanande kvalifikasjonar som distrikts-Noreg treng. Basen kan til dømes nyttast av bedrifter som er på leit etter arbeidskraft og av grendelag som vil jobbe med rekruttering. Kan hende finn vi den neste ingeniøren, elektrikaren eller morsmålslærararen i arabisk i Ål gjennom Freysta? Det manglar i alle fall ikkje på aktuelle kandidatar. Basen, som vart oppretta sommaren 2024, består allereie no av over 500 bygdeinteresserte personar.

Historieforteljing frå bygdene

«Det er også viktig for oss å fortelle dei gode historiene frå distrikts-Noreg. Gjennom møter med ekte menneske vil vi vise fram moglegheitene som bygdene har å by på», seier Marion Solheim. På Freysta kan du allereie no lese om Ingunn Stræte og Leveld-bygda. Artiklar frå Torpo og andre bygder i Ål kjem etterkvart.

Engelsk

Førebels er all informasjon og alle artiklar på Freysta på engelsk. «Vi går for den engelske versjonen først, for å nå ut til Europa. Unge vaksne i Noreg har stort sett ingen problem med engelsk, så vi satsar også på ei norsk målgruppe,» fortel Marion.  

Sist endret: 28.04.2025