Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Brukarråd for lågterskel helsetenester i Ål

Kan du tenkje deg å vere brukarrepresentant inn i eit slikt brukarråd?

Brukarmedverknad handlar om å gi innbyggjarane innflytelse på helsetenesta. Brukarmedverknad kan gi auka kvalitet og meir skreddarsydde tilbod. Dette er bakgrunnen for at Ål kommune ynskjer å opprette eit brukarråd for lågterskeltenestene innan helsesektoren.

Denne informasjonen går ut til alle som mottar eit tilbod for barn, unge og/eller vaksne innan avdeling Meistring og Familiens hus.

Brukarrådet skal fungere på systemnivå, rådet skal drøfte og gje råd i saker som angår tenesta sitt innhald og kvalitet. Det skal ikkje behandle individsaker, tenestetilbodet til einskildpersonar eller personalsaker. Brukarrådet skal fungere som ein møtestad mellom brukarar og tilsette. Gjensidig respekt er ei forutsetning for gode drøftingar.

Brukarrådet kan bestå av 3-5 brukarrepresentantar. Veljast for 2 år om gongen.

Representantane har personleg vara.

Framlegg til representasjon: Mental Helse, brukar av psykisk helse og rustenesta, brukar av fysioterapitenesta, foreldrerepresentant familiens hus, ungdomslos, leiar for Meistringsavdelinga og Familiens hus.

Leiar for rådet veljast blant brukarrepresentantane.

Det blir sett opp ein møteplan med inntil 4 møter pr år. Saksliste blir sett opp i samarbeid med leiar i rådet og avdelingsleiarane. Avdelingsleiarane byter på å skrive referat og gjere dette kjent. Referatet vil bli lagt som referatsak til RMF (Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne).

Kan du tenkje deg å vere brukarrepresentant inn i eit slikt brukarråd? Eller har du spørsmål til det du nettopp har lese?

Ta kontakt med:

Brukarråd.png

Sist endret: 24.04.2024