Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ål kommune er best i Viken

TV-aksjonen 2023 - la barn leike i fred!

Ål fekk 1.plass i Viken ved TV-aksjonen til Redd barna av totalt 51 kommunar, fordelt på innbyggjarar.
Totalt innsamla beløp og ny rekord på Ål: kr 558.720.
Dette er kr 114,92 pr innbyggjar.

Aksjonskomiteen på Ål ønsker å rette ein stor takk til alle som har gitt bidrag, - innbyggjarar, næringsliv, kommunen og skulene i Ål.
Tusen takk til 9. trinn ved Ål ungdomsskule og frivillige som har vore bøssebærar og fekk inn kr 134.185 i bøsse.
Tusen takk til sjåførar frå Lions Ål, Ål Rotary, LHL Ål og frivillige som har stilt opp og vore på sundagstur med bøssebærarane.
Ein spesiell takk til alle elevane ved alle skulene i Ål som deltok på skuleløp der det kom inn kr 169.107.
Takk til Nordbygdane skule som arrangerte bygdekafé og fekk inn kr 8.590.
Takk til Torpo skule som bidrog med kr 1.000.
Takk til næringsliv og Ål kommune som til saman gav kr 150.000.
På nettsida www.tvaksjonen.no kan du finne meir informasjon og resultat.

Sist endret: 24.04.2024