Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

...deg som ynskjer å flytte på landet

Draumer du om eit liv på bygda og nærare naturen?

Ål kommune er den største av kommunane i Hallingdal med ca. 4.700 innbyggjarar. Kommunen er kjent for vakre fjell, levande grender og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar.

Kommunen har eit nytt kulturhus kor du kan gå på kino, følge dans- og andre forestillngar, sjå på kunst frå Rudolf Nesch og andre lokale kunstnarar eller besøke eit moderne, ope bibliotek.
Ål ligg midt mellom Oslo og Bergen og i dag tek det ca 3 timar å pendle med tog og bil til begge byar.
I tillegg er det kort veg til Geilo og Hemsedal om du er interessert i alpinski, wellness og uteliv.

For deg som har familie finst det barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod og ein vidaregåande skule.

Vi tilbyr nye arbeidstakarar:

  • ein kommunal bustad i overgangsfasen
  • ein fadder før du begynner, slik at du kan få hjelp med praktiske spørsmål
  • garantert barnehageplass …

Foto Inger Lervåg

Lenke til aktuelle stillingar