Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

PPT-rådgjevar

Ynskjer du spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde så kan dette vere jobben for deg.


Me søker

PPT for Ål og Hol er ei interkommunal teneste for skulane og barnehagane i dei to kommunane. Det er 7,5 stillingar, samt 1 stilling som logoped/audiopedagog i tenesta.

Fylgjande stillingar som pedagogisk psykologisk rådgjevar er ledig:

- 100 % fast stilling frå 01.08.2020
- 100% mellombels stilling i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021

Me søker ein fagleg dyktig og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle PP-tenesta for Ål og Hol.

Stillinga er retta mot både individ- og systemarbeid. Me arbeider i team, slik at du ikkje vil arbeide åleine. Me har også faste interne møte og mykje anna samarbeid/veildning i avdelinga. Me legg til rette for, så godt me kan, at du får arbeide på felt som du er mest interessert i og at du får utvikle deg på nye felt.

Alle skulane og barnehagane har ein eller to av rådgivarane i PP- tenesta som primærkontakt. Gjennom primærkontaktarbeidet er PPT for Ål og Hol tett og tidleg på. Me er inne i ei spennande tid med å implementere BTI (Betre tverrfagleg innsats). PPT arbeider med å betre det førebyggande arbeidet saman med andre hjelpetenester, skuler og barnehagar.

Me som arbeider i PPT for Ål og Hol er framoverlent og moderne, og tek i bruk digitale løysningar der det er mogleg. Me legg til rette for kurs og etterutdanning.

Me ynskjer deg velkomen til eit fantastisk godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar
Me søkjer etter:
  • deg som har mastergrad i pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller embetsstudie i pedagogikk eller psykologi.
    Andre relevante utdanningar på masternivå kan vurderast.
  • deg som helst har brei testkompetanse og testerfaring.
  • deg som har erfaring frå utredningsarbeid i t.d. PPT eller BUP.
  • Det er krav om bruk av eigen bil i tenesta.
Personlege eigenskapar
Det blir forventa at du:
  • kan jobbe med utredningsarbeid i team
  • viser engasjement og er nysgjerrig
  • har etisk og høg fagleg standard i arbeidet
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • har eit engasjement for einskildelevar med særskilte behov
  • er effektiv og likar å arbeide i eit travelt miljø
Me tilbyr
  • hjelp til å skaffe bustad
  • pliktig pensjonsordning KLP
  • faglege utfordringar i et positivt arbeidsmiljø
  • hjelp til å skaffe bustad
  • fast lønnstillegg - veiledertilegg
  • fast utgiftsdekning for bruk av eigen bil i tenesta jamfør SGS 1001 - reiseregulativet i tillegg til godtgjering for kvar køyrte kilometer. 
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Du må sende søknad elektroniosk via denne lenka.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga:
Lennart Artmann, avdelingsleiar PPT. E-post: lennart.artmann@aal.kommune.no
Telefon 99 28 79 24

Søknadsfrist 10. mai 2020

I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre.

Betre læring er vår lokale oppvekstplan og er ein felles plan for alle einingane i oppvekstsektoren. Her er «tett og tidleg på» og «auka læringsutbytte» viktige mål. Hovudsatsinga er for tida «Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø».

Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi som t.d nettverksprojektor, apple-TV, bluetooth-høgtalar med lærarmikrofon. Framover vil «Det digitale klasserommet i fagfornyinga» vere eit viktig satsingsområde for skulane.

Her finn du meir informasjon: