Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Miljøterapeut

Illustrasjonsfoto av dame Adobe

Avdeling Psykisk helse og rus

Ål kommune er i ein spennende fase for å utvikle oppfølging av barn og unge i tett samarbeid med føresette, skule og andre støttetenester som PPT, helsestasjonen og BUP. Vi er ei lita avdeling som i tillegg byr på mangfaldige og varierte oppgåver overfor vaksne. Hjå uss skal brukarane vere i fokus og avgjere tiltaket.
Er du på jakt etter ein jobb som gir meining, og er oppteken av fagleg utvikling ynskjer vi å få deg inn i teamet vårt!

Avdeling Psykisk helse og rus gir tenester til barn og vaksne. Ti tilsette er organisert i to team som har faste veiledningsmøter. Vi jobbar med tverrfaglege prosjekt i kommunen og i Hallingdal, til dømes med programmet FIT.

Kvalifikasjonar

Helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
Ønskeleg med vidareutdanning i psykososialt arbeid for barn og unge eller tilsvarande.
Førarkort i klasse B

Personlege eigenskapar

Du er positiv, løysningsorientert og fleksibel.
Du kommuniserer godt med barn og unge, deira føresette og samarbeidspartar.
Du ser moglegheiter og motiverer for meistring og endring.

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med erfarne og kunnskapsrike kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Støtteordningar for vidareutdanning
  • Arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
  • Gratis overgangsbustad i 3 månader
  • Garantert barnehageplass for nytilflytta familiar

Politiattest

Stillinga krev godkjent politiattest, nyare enn tre mnd.

Spørsmål og søknad

Søknadsfrist 23. februar 2020.

For meir informasjon ta kontakt med avdelingsleiar Maj Britt Svartveit