Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Lærarar og spesialpedagogar

Bilde av lærer Adobe

Lærarar og spesialpedagogar til grunnskulen frå 01.08.2020

Det er ledig eit uspesifisert tal fast stillingar/vikariat ved skulane i Ål frå 01.08.2020.

Me søker

Det er ledige stillingar ved fylgjande skular:

  • Nedre-Ål skule, 1-7 skule, ca. 200 elevar
  • Leveld skule, 1-7 skule, ca. 60 elevar
  • Skattebøl skule, 1-4 skule, ca. 50 elevar
  • Torpo skule, 1-7 skule, ca. 50 elevar
  • Ål ungdomsskule, 8-10 skule, ca. 200 elevar

I Ål kommune er det fire barneskular og ein ungdomsskule. Skulane er godt utstyrte for å kunne drive variert og tilpassa undervisning. Elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi som t.d nettverksprojektor, apple-TV, bluetooth høgtalar med lærarmikrofon.

Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø" er overordna mål. Difor er også "inkluderande undervisning" hovudfokuset i fagfornyingsarbeidet vårt. Det er utarbeidd felles system for tverrfagleg samarbeid (BTI), og ein felles plan legg til rette for etablering av gode foreldrenettverk. Skulane har også tilsett miljørettleiarar som skal hjelpe lærarane med å skape gode og trygge læringsmiljø. Ål er MOT-kommune.

Satsingsområdei er spesialpedagogikk og praktisk bruk av IKT i undervisninga.

Her finn du meir informasjon om skulane.

Spesifiser gjerne i søknaden kva for skule du ynskjer stilling ved.

Utlysinga gjeld også for stillingar som kan bli ledige fram til august 2020.

Kvalifikasjonar

Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kapittel 14 §§ 14-2 og
14-3.

Me ynskjer søkjarar med interesse for, og gjerne vidareutdanning, innan spesialpedagogikk og IKT.

Gje opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.

Kontaktlærarfunksjon er aktuelt ved fleire av skulane.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:

  • du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
  • du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer.
  • du har pågangsmot og engasjement
  • du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
  • du har engasjement for elevar med spesielle behov
Me tilbyr
  • arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • engasjerte og dyktige skuleleiarar
  • skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
  • kompetanseheving
  • kommunale lønns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning i SPK
  • hjelp til bustad
Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.

Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom dette ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillingane.

Søknadsfrist 2. mars 2020