Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Barnehagelærarar og spesialpedagogar

Det er ledig eit uspesifisert tal faste stillingar/vikariat i barnehagane frå 01.08.2020.

Bilde av barn med ipad

Ål kommune har fem barnehagar:

  • Nordbygdene barnehage, 2 avdelingar
  • Sando barnehage, 2 avdelingar
  • Skattebøl barnehage, 2 avdelingar
  • Sundre barnehage, 6 avdelingar
  • Torpo barnehage, 2 avdelingar

Barnehagane er oppdaterte og godt tilrettelagt for leik og læring, og dei har store og innhaldsrike uteområde. Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø" er overordna mål. Det er utarbeidd felles system for tverrfagleg samarbeid (BTI), og ein felles plan legg til rette for etablering av gode foreldrenettverk. Helsetenestene gjennomfører delar av 4-årskontrollen i barnehagen. Gjennom prosjektet "Inkluderande barnehage- og skulemiljø, pulje 4" arbeider tilsette i barnehagane med ny forskingsbasert kunnskap om sosial og emosjonell utvikling i tidlege barneår.

Meir informasjon om barnehagane og barnehagetilbodet i Ål kommune finn du her

Utlysinga gjeld også for stillingar som kan bli ledige fram til august 2020.

Kvalifikasjonar

Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning, gjerne med vidareutdanning. Spesialpedagogikk er eit satsingsområde.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer søkjarar som brenn for barnehageyrket.

Viktige eigenskapar:

  • interesse for pedagogisk utviklingsarbeid
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • pågangsmot og engasjement
  • lojal og positiv
  • fleksibel og løysingsorientert
  • ynskje om å ta del i fellesskapet, både fagleg og sosialt

Menn vert oppmoda om å søkje.
Hallingdal har regional MIB-gruppe (menn i barnehage).

Me tilbyr
  • barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
  • varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • engasjerte vaksne, barn og foreldre
  • kompetanseheving
  • hjelp til å skaffe bustad
  • pensjonsordning KLP
Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettingane.

Send søknad

Det skal sendast elektronisk søknad.
Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.

Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.

Du er velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.

Søknadsfrist 2. mars 2020