Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

...deg som ynskjer karriere



Er du på jakt etter gode karriere- og utviklingsmogelegheiter?

Ål kommune har stadig behov for dyktige leiarar i kommunale stillingar og spennande interkommunale tenester.

Hos oss satsar vi på å tilsette rett person i rett stilling – det betyr at vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i leiarrollene. Snarare enn å ha fokus på fagleg spisskompetanse ynskjer vi å utvikle engasjerte menneske og gje dei rom for å vekse inn i stillinga og utvikle seg hos oss.

Som leiar hos oss vert du delaktig i arbeidet med å bygge bærekraftige samfunn i framtida. Ål kommune er ei framtidsorientert verksemd med eit mål om å tilby dei beste tenestene til innbyggjarane våre. Hos oss kan du få ein jobb med meining i ein arbeidskvardag som er prega av utvikling og innovasjon.

Vi tilbyr:

  • å vera del av ei fagleg sterk leiargruppe
  • leiarutvikling
  • støtte til vidareutdanning
  • å bidra til innovasjon  

Ledige stillingar